Meny
7. klasse
1. og 2. klasse
3. og 4. klasse
5. klasse
6. klasse
7. klasse
Heile skulen øver til 17. mai saman med Eivind Klemetsen.

Mellomtrinnet hadde besøk av Marcus Mattison frå Den kulturelle skulesekken, som lærte oss om primitive eldteknikkar. 

Elevane arbeidde hardt, og fekk god meistringsfølelse då både røyk og flammar viste seg.


Årleg tradisjon gjer at me feirar Verdas bokdag på Sinnes kvart år. UNESCO markerer verdas bokdag 23. april for å hylla bøker og forfattarar, samt for å oppmuntra alle til leseglede. 

23. april 1916 døydde tre store forfattarar, Miguel de Cervantes, William Shakespare og Inca Garcilaso de la Vega. 400 år seinare vedtok UNESCO i 1995 at Verdas bok- og opphavsrettdag skulle bli markert på denne symbolske datoen kvart år. I dag feirar over 100 land verdas bokdag.

Verdas bok- og opphavsrettdag feirar bokglede, leselyst og det positive ved lesing. Bøker er ein link mellom fortid og framtid, ei bru mellom generasjonar og på tvers av kulturar. Dei er òg ein viktig del av den sosiale og kulturelle utviklinga til menneska.

FN sitt berekraftsmål 4 skal sikra at innan 2030 skal all ungdom og fleire vaksne læra å lesa, skriva og rekna. Denne dagen er derfor med på å belysa ein viktig del av FN sitt arbeid for ei meir berekraftig verd. Utdanning og inkluderande opplæring for alle er ein grunnleggande menneskerett og ein av dei viktigaste byggesteinane for velstand, helse og likeverd i alle samfunn.


Både piratar, Harry Potter, teikneseriefigurar, vikingar, hippiar og sjølvaste KIZZ møtte opp då 7. klasse arrangerte karneval for heile skulen. 


Sinnes skule hadde ein flott skiaktivitetsdag med skitur, aktivitetsløyper, hopp og leik. 

Då er sjakkturneringa for våren 2020/2021 i gong...