Meny
Velg seksjon Framside
Uteflorsvegen 12 5392 Storebø
Telefon: 55 08 13 25 Send e-post til oss
Redaktør: Vibecke Storebø
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<juni 2026><<
juni 2026
mtotfls
25262728293031
01020304050607
08091011121314
15161718192021
22232425262728
29300102030405
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt

I dag gjekk 3. trinn tur rundt Vinnesvatnet. Det var ein fin og kjekk dag med godt vêr. Vi gjekk saman og prata med vennene våre undervegs. På turen hadde vi fleire aktivitetar og moro. Vi  leika, sprang og utforska naturen. Vi tok ein pause og åt matpakka vår før vi gjekk vidare. Alle var glade og hadde det kjekt. Det vart ein flott dag som vi kjem til å hugse lenge.

På tur til bondegarden på Hufthammer fekk me læra mykje om livet på garden og korleis mjølkeproduksjon fungerer. Bonden fortalde at dei produserer rundt 3000 liter mjølk på tre døgn. Me lærte òg at kua er drektig i ni månader før ho føder ein kalv.
Det var spennande å sjå korleis kyrne gjekk sjølve inn til mjølkemaskina for å bli mjølka av ein robot som var datastyrt. Me fekk òg sjå då kyrne blei sleppte ut. Inne i fjøset såg me kalvar som berre var ei veke gamle. Kyrne drakk vatn og åt kraftfôr frå ein kraftfôrmaskin, og dei hadde høy liggjande på golvet.
Me fekk sjå mjølka samla i ein stor tank før ho blei henta av meieribilen og sendt til Bergen for pasteurisering og homogenisering.
Elevane og lærarane hadde ein veldig lærerik og kjekk dag. Tusen takk til Bjørn Inge og Ingolf for flott omvisning!

I dag har vi feira SFO-dagen med ulike aktivitetar både ute og inne, og været var heilt fantastisk! Barna fekk velje mellom slåball, fotball, leik i skogen, sløyd, formingsrom og rollelek på leikerommet. Det var stor glede å sjå kor engasjerte dei var i leikene, og fleire valde å prøve ulike stasjonar. Ein slik dag minner oss på kor viktig det er å skapa ein leikfull og innhaldsrik kvardag for barna, der dei kan utvikle seg på mange ulike måtar.

"Scenen er din" for 1.–4. trinn.