Meny
Velg seksjon 5. trinn
Uteflorsvegen 12 5392 Storebø
Telefon: 55 08 13 25 Send e-post til oss
Redaktør: Vibecke Storebø
Kulturskulen har spanande tilbod innan musikk, dans, biletkunst og teater.
Alder:
Tilboda gjeld frå 1. klasse og oppover, avhengig av kva fag det vert søkt på.
For å søkje elevplass, eller for å lese meir om kva kulturskulen kan tilby,
sjå nettsida til Austevoll kommune.

Nokre bilete frå skulelunsjen til elevane.

Storebø skule har fått ny kantineansvarleg. Hilde Hufthammer tek over ansvaret for kantina, som startar opp att fredag 6. februar. For å markere oppstarten vert det gratis kantinetilbod for alle elevar ut februar. Vi håpar dette vert eit kjekt og populært tilbod for elevane.

I dag var siste elevdag på skulen før jul. Vi har lagt bak oss ei fin førjulstid med mykje kjekt innhald. Som avslutning hadde vi skulekino. Vi fekk òg besøk av nissen, som var innom klassane før elevane gjekk heim.
Vi ønskjer alle elevar og føresette ei riktig god jul og eit godt nytt år. Velkomen tilbake på skulen til første skuledag etter jul, som er 5. januar.