Meny
Velg seksjon 6. trinn
Uteflorsvegen 12 5392 Storebø
Telefon: 55 08 13 25 Send e-post til oss
Redaktør: Vibecke Storebø
God sommar til elevar og foreldre. Kos dykk masse. Me sjåast igjen den 18.august. 
Helsing alle oss på Storebø skule

Elevane frå 1. til 7. trinn hadde sal av eigne produkt, og det vart òg selt kaffi og kaker. Vêret var strålande, stemninga var god, og både små og store kosa seg.
Ein stor takk til alle som kom og bidrog til ein kjekk kveld!
Vi legg ved nokre bilete som viser korleis det såg ut på marknaden 📸🌞🎨🍰

Fredag 9. mai hadde Storebø skule matematikkdag for 5.–7. trinn. Elevane jobba i aldersblanda grupper med ulike matteoppgåver ute i sola. Dagen gav både læring og glede gjennom praktisk problemløysing og godt samarbeid.

I dag på Storebø skule såg vi eit lite glimt av korleis vi ofte er samla, men likevel ikkje "saman". Tre personar sat rundt eit bord, alle med hovudet ned i skjermane sine. Det var heilt stille, ingen snakka. Så begynte ein av dei å tromme på bordet og knipse med fingrane. Den andre såg opp, først litt irritert, men blei snart fascinert og byrja å henge seg på. Etter kvart starta dei begge på ein song med rørsler, og den tredje personen blei med. Snart var alle tre ute av skjermverda og inne i leiken. Men etter ein pip frå telefonane, var dei tilbake til skjermane sine, og leiken var over.