Meny
Velg seksjon Framside
Uteflorsvegen 12 5392 Storebø
Telefon: 55 08 13 25 Send e-post til oss
Redaktør: Vibecke Storebø
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<mai 2026><<
mai 2026
mtotfls
27282930010203
04050607080910
11121314151617
18192021222324
25262728293031
01020304050607
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
SFO dagen, tema LEIK

I dag har vi feira SFO-dagen med ulike aktivitetar både ute og inne, og været var heilt fantastisk! Barna fekk velje mellom slåball, fotball, leik i skogen, sløyd, formingsrom og rollelek på leikerommet. Det var stor glede å sjå kor engasjerte dei var i leikene, og fleire valde å prøve ulike stasjonar. Ein slik dag minner oss på kor viktig det er å skapa ein leikfull og innhaldsrik kvardag for barna, der dei kan utvikle seg på mange ulike måtar.
I dag har vi markert SFO-dagen, og vi var veldig heldige med vêret! Vi valde å ha aktivitetar i valfrie grupper, både ute og inne, og hadde ein herleg dag på tvers av ulike stasjonar. Barna fekk velje mellom fleire spennande aktivitetar: slåball, fotball, leik i skogen med quizspørsmål dei skulle svare på, sløyd, kreativ leik i formingsrommet der dei kunne lage noko, teikne eller bruke modellkitt. I tillegg var det morosam leik på leikerommet, der barna kunne vere legar, veterinærar eller tannlegar i rolleleik.
Nokre barn valde å vere på same stasjon heile dagen, medan andre gjekk rundt og prøvde ulike aktivitetar. Det var ein veldig fin og energisk dag, og barna kosa seg med å kunne velje kva leik dei ville delta i.
I rammeplanen for SFO står det: «SFO skal leggje til rette for leik som engasjerer og inspirerer barna til aktivitet, og som kan bidra til allsidig utvikling og læring.» I vårt daglege arbeid på SFO er vi opptatt av korleis vi kan skape ein meir innhaldsrik kvardag for barna, slik at det ikkje berre er ein plass dei oppheld seg, men ein stad som stimulerer deira utvikling på fleire område.
Ein dag som i dag gir oss mykje inspirasjon til å finne gode løysingar for å skape ein leikfull og meiningsfull kvardag. Det er utruleg inspirerande å sjå barna engasjere seg i ulike aktivitetar, og det minner oss på kor viktig leik er for deira trivsel og utvikling.
Vi ser fram til fleire dagar fylte med leik, læring og latter!
Main Image
Bilete 1 av 13