Meny
Velg seksjon Framside
Uteflorsvegen 12 5392 Storebø
Telefon: 55 08 13 25 Send e-post til oss
Redaktør: Vibecke Storebø
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<mai 2026><<
mai 2026
mtotfls
27282930010203
04050607080910
11121314151617
18192021222324
25262728293031
01020304050607
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
3.trinn på tur til bondegard på Hufthammer

På tur til bondegarden på Hufthammer fekk me læra mykje om livet på garden og korleis mjølkeproduksjon fungerer. Bonden fortalde at dei produserer rundt 3000 liter mjølk på tre døgn. Me lærte òg at kua er drektig i ni månader før ho føder ein kalv.
Det var spennande å sjå korleis kyrne gjekk sjølve inn til mjølkemaskina for å bli mjølka av ein robot som var datastyrt. Me fekk òg sjå då kyrne blei sleppte ut. Inne i fjøset såg me kalvar som berre var ei veke gamle. Kyrne drakk vatn og åt kraftfôr frå ein kraftfôrmaskin, og dei hadde høy liggjande på golvet.
Me fekk sjå mjølka samla i ein stor tank før ho blei henta av meieribilen og sendt til Bergen for pasteurisering og homogenisering.
Elevane og lærarane hadde ein veldig lærerik og kjekk dag. Tusen takk til Bjørn Inge og Ingolf for flott omvisning!
Litt bilete frå turen til bondegarden på Hufthammer.
Main Image
Bilete 1 av 61