Skulane i Sirdal har i mange år satsa på Vurdering for læring, eller VFL som det gjerne vert forkorta. God vurderingspraksis er viktig for god læring.
Dei
fire prinsippa i vurdering for læring:
Elevane skal forstå kva dei skal læra og kva som vert forventa av dei.
Elevane skal ha tilbakemeldingar som fortel om kvaliteten på arbeidet eller presentasjonen.
Elevane skal få råd om korleis dei kan forbetra seg.
Elevane skal vera involverte i eige læringsarbeid med blant anna å vurdera eige arbeid og eiga fagleg utvikling.