Meny
SFO
1. klasse
2. klasse
3. klasse
4. klasse
5. klasse
6. klasse
7. klasse
8. klasse
9. klasse
10. klasse
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<juni 2022><<
juni 2022
mtotfls
30310102030405
06070809101112
13141516171819
20212223242526
27282930010203
04050607080910
Tema har vore " meistring og feiling", "bærekraft og ansvar" og "venskap og tilhøyrsle" for desse månadene.

Me fortset å ha fokus på gleding. I dag låg det klart ein aktivitet i gledingsboksen. Me laga hinderløype av maskeringstape. Det var stor glede i denne aktiviteten. 

"Nærvær og takksemd" og "Gleding og anerkjenning" har vore tema for desse to månadane på SFO.

Måndag 7. februar fekk 1.-4. klasse besøk frå den kulturelle skulesekken. Filmen "Den røde ballongen" av Albert Lamorisse handlar om vennskapet mellom ein liten gut og ein magisk raud ballong, som følger guten gjennom gatene i Paris. Gutten løyser ein ballong som er festa til ein lyktestolpe og til naboen si overrasking følger ballongen etter guten.

Ein forunderleg og sanseleg Arthausfilm som me alle kan kjenna oss igjen i tematisk, om vennskap, og kva og kven me kan vera venner med. Ein film som får oss til å tenka på kva me kan bruka leiken og magien til når me treng han.

Filmen ble ein enorm publikumssuksess på 1950-talet og blir i dag rekna som ein av filmhistorien sine store klassikarar.

Elevane var særs engasjerte og me tok med oss ballongleiken i symjebassenget etterpå.



Gode felles opplevingar skapar samhald og byggjer identitet på SFO. Danninga av eit sosialt fellesskap med andre barn og vaksne står sentralt i den nye rammeplanen for SFO, og kvart enkelt barn skal få ei oppleving av å høyre til. Innhaldet i SFO skal støtta opp under at alle barn har moglegheit til å utvika vennskap.