Meny
Framside
1. og 2. klasse
3. og 4. klasse
5. klasse
6. klasse
7. klasse
Sirdalsvegen 7352 4443 Tjørhom
Telefon: 38 37 93 90 Faks: Mobil 94 52 12 58 Send e-post til oss
Rektor: Åse-Berit Fidjeland
Gå til Google Classroom

Det er tid for elevundersøking, foreldreundersøking og lærar-undersøking. Den første gjennomfører me på skulen, men de får informasjon som ranselpost. Dei to siste er nå sende ut med e-post med passord for innlogging. 

Har de fleire barn, får far lenke for å svara i ein klasse, medan mor får til den andre klassen. Nokon har tre barn, og då får ein av dykk to e-postar. Kven som får til kven, er vilkårleg.

Frist for svar er 02.12.20, og me vonar på mange svar! Resultatet blir tatt opp i SMU og på foreldremøte til våren (om Covid-19-situasjonen tillet det).

På førehand tusen takk!

Klokka 12 i dag samla me oss i gymsalen for å delta på den årlege, og etterkvart så tradisjonsrike, BlimE-dansen.

Saman med Victor på storskjerm, dansa me heile gjengen saman med resten av Noreg.

Men fyrst, så hadde me premiere på vår eigen dans. Den er tilgjengeleg på NRK Super sine nettsider.


Denne veka er det nordisk litteraturveke. Elevane i 1.-4. klasse fekk høyra og sjå boka "Alle sammen teller". Etterpå laga dei eigne tekstar til nokre av bileta og laga eit gruppebilete med den teksten dei ville ha om seg sjølv.

Sinnesbadet er ope att frå 19. november!

Det vert ikkje vassgymnastikk på revmatikarbadinga fram mot jul.


I haust vann 5. klasse den lokale Beintøft-konkurransen. Premien var 3000,- til sosiale formål.

2. klasse har denne veka jobba med dinosaurar. Først lærte me om dinosaurar ved å lesa tekstar og sjå film. Deretter skulle elevane skriva kvar sin faktatekst og setja inn bilde av sin dinosaur. Til slutt laga me ein video der alle elevane las inn tekstane dei hadde skrive saman med bilda dei valde ut.


Før blada fall var me ute og henta blad som har vore nokre veker i press no. Desse fekk me nytta i dag.