Meny
Framside
1. og 2. klasse
3. og 4. klasse
5. klasse
6. klasse
7. klasse
Gå til Google Classroom
SN-feiring 2020

I dag feira kronprinsen, FN-Sambandet, Sinnes skule og mange andre skular i Noreg SN sin 75-årsdag! Gratulerer med dagen 24. oktober!

Heilt eksakt vart SN-pakta underteikna 25. juni 1945, men SN-dagen i oktober er ein god dag å markera jubileet på. Det gjorde me med digital feiring med m.a. kronprinsen og statsministeren, litt undervising og ein Kahoot for mellomtrinnet. Klassane var ivrige, og fekk rett på det meste!

Etterpå song me Vi-songen, høyrde på appell frå leiar og nestleiar i elevrådet, Johanna og Theodor, før Anne Grethe informerte om UNESCO si verdsarvliste og arbeidet resten av dagen. Det var verdsarvstadene i Noreg. Elevane blei delte i åtte grupper, og skulle laga ein multimodal tekst om verdsarvstaden sin med ulike fakta og eit symbol for staden. Dette vart til slutt presentert for alle, og skal enda opp på eit kart med bilete og symbol, samt QR-kode, slik at alle kan sjå og høyra kva elevane har arbeidd med.

Heilt til slutt lærte me litt om immateriell kulturarv. Det er viktig å ta vare på språk, utøvande kunst som song og dans, sosiale skikkar, tradisjonelle handverksdugleikar som bunadssaum, ritual som japansk teseremoni og kunnskap og dugleik knytta til naturen. Elles har UNESCO noko som heiter beste vernepraksisar, og der har oselververkstaden i Hordaland  og utøving av stevkunst, dans og folkemusikk frå Setesdal fått plass på UNESCO si verdsarvliste for immateriell kulturarv.

Main Image
Bilete 1 av 13