Då har endeleg mellomtrinnet kåra boka dei likte best.
I dag var endeleg mellomtrinnet ferdige med alle bøkene i Bokslukerprisen, og me kunne stemma over kva som er den beste boka.
Då dette var avgjort blei elevane delte i grupper for skriva bokmelding om ei av dei fem bøkene. Vidare hadde me Kahoot med spørsmål om bøkene, før me til slutt trakk kven som fekk med seg nokre av bøkene heim.
Nå kan me berre lena oss tilbake og venta spent på turen til Oslo og den endelege prisutdelinga. Det blir "løye" å sjå om dei andre klassane er einige med oss.