Felles lunsj på småtrinnet
I dag sette 1.-4. klasse av 3. time til felles lunsj, som ei koseleg avslutning på BliMe-veka og markering av "Mot til å glede"-dagen.
Publisert: 11.11.2022 21:16 Sist endra: 11.11.2022 21:25 Forfattar: Anne Grethe Nerheim Ådneram
For å gleda kvarandre hadde alle med seg litt brødmat eller pålegg kvar, og det vart eit "koldtbord" med mykje godt å velja i!
Elevane kom inn til eit flott pynta langbord. Det vart mange gode samtalar rundt bordet og maten fall tydeleg i smak. Dei fleste henta påfyll både to og tre gonger.
Me hadde ein svært fin time saman!