Meny
Framside
1. klasse
2. klasse
3. klasse
4. klasse
5. klasse
6. klasse
7. klasse
8. klasse
9. klasse
10. klasse
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<april 2024><<
april 2024
mtotfls
25262728293031
01020304050607
08091011121314
15161718192021
22232425262728
29300102030405
Gå til Google Classroom
Verdas bokdag 2023

I år blei markeringa 24. april, dvs. ein dag etter verdas bok- og opphavsrettsdag stifta av UNESCO i 1995.

Dei tre første timane delte me elevane i to grupper, før dei eldste fortalde om dei ti ville ekspedisjonane til alle etterpå.

1.-5. klasse arbeidde med boka "Arkimedes og brødskiva", noko som ende i nokre forsøk, og søling, med vatn. Alle var kjempeengasjerte!

6.-10. klasse arbeidde som sagt med boka "Ti ville ekspedisjonar". Målet for dagen var å bli kjende med utforskarar frå dei siste hundre åra, menn og kvinner som har målt krefter med naturen og med det ukjende. Det var ikkje alle som nådde målet. Heller ikkje alle kom heim. Elevane fekk først ti ulike hint og diskuterte i grupper kva ekspedisjonar det var snakk om, før dei plotta dei inn på eit verdskart og fann meir ut om både person og ekspedisjon.

Hint og svar i parentes: 
Han reiste med noko som likna ein agurk (James Cameron si reise 10 000 meter under havet)
Dei såg ei blå klinkekule (Den første månelandinga)
Send eit papirfly frå vest til aust langs verdskartet på veggen (Amelia Earhart flaug jorda rundt)
Ein heliumballong/ein anna form for ballong (Alan Eustace og verdas høgste fallskjermhopp)
8848 meter (Apa Sherpa har vore 21 gonger på toppen av verdas høgste fjell)
Ein månad under jorda (Gennadij Samokhin i verdas djupaste grotte)
Ni tjukke trestokkar/pinnar, surra saman med tau (Thor Heyerdahl reiste på ein open flåte over havet)
Å leva med King Kong (Dian Fossey og livet hennar med gorillaer i Rwanda)
Nordover med Fram (Fridtjof Nansen og draumen om Nordpolen)
Åleine i ein liten båt på stort hav (Ellen MacArthur reiste jorda rundt åleine i ein seglbåt)

Main Image
Bilete 1 av 31