Meny
Framside
1. klasse
2. klasse
3. klasse
4. klasse
5. klasse
6. klasse
7. klasse
8. klasse
9. klasse
10. klasse
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<mai 2025><<
mai 2025
mtotfls
28293001020304
05060708091011
12131415161718
19202122232425
26272829303101
02030405060708
Gå til Google Classroom
Sanseleg

I dag var det sansane som stod på tapetet i natur- og samfunnsfagstimane. Me skulle eigentleg til Nesetfossen.... Men slik vart det ikkje heilt.

Og turen starta bra den. Til me kom over toppen på Klampen. Me visste jo at det var mykje vatn. Det var jo difor me skulle til Nesetfossen. For å lytta på lyden av vatn. MYKJE vatn. Men då Sinnesvatnet hadde bestemt seg for å renna på sida av skibrua, og ikkje under, måtte planane endrast.

I staden vart det tur forbi Jørgen med sjøen og skjeret (som i dag ikkje var å sjå), og bortover mot Stølsro og Holmen. To trestokkar i vatnet viste seg å vera bevarar som hadde evakuert frå den overfløymde heimen sin i rundkøyringa.

Me fekk undersøkt steinkvelvbruene langs den gamle fylkesvegen, og oppdaga at vatn og luft gjev mykje skum!!

Evalueringa etter turen gav mange tomlar opp, sjølv om han ikkje vart heilt slik me hadde tenkt.

Main Image

Bilete 1 av 12