Meny
Framside
1. klasse
2. klasse
3. klasse
4. klasse
5. klasse
6. klasse
7. klasse
8. klasse
9. klasse
10. klasse
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<april 2024><<
april 2024
mtotfls
25262728293031
01020304050607
08091011121314
15161718192021
22232425262728
29300102030405
mai
01
2024
Arbeidaranes dag - skulefritt
Heile dagen
Gå til Google Classroom
English for a day!

Siste fredagen før me tek vinterferie har skulen hatt engelskdag. Det har vore kjekt!

Elevane starta sjølvsagt dagen med "assembly" i gymsalen, leia av rektor. Der forklarte ho at me skulle snakka engelsk heile dagen og minna om kor viktig det er å høyra godt etter når det kjem ein beskjed. For å øva på dette, hadde me ein liten runde med Simon says. Me rakk òg å synga ein song på engelsk, før me til slutt delte i grupper og sende elevane på kvar sine rom. 9. klasse gjekk på kantina og har vore kjøkkenansvarlege heile dagen, der dei mellom anna har laga engelsk lunsj med sandwich og te til alle elevane. Dei andre elevane blei delte i fire grupper og har rotert på ulike stasjonar: Lesing, dramatisering av Little Red Riding Hood, PE (gym) og spel. 

Det var veldig kjekt å sjå at så mange elevar hadde kledd seg ut med mørk bukse eller skjørt, skjorte og slips, og at dei verkeleg har snakka engelsk heile dagen. Ein veldig kjekk dag før me seier god vinterferie! 

Main Image
Bilete 1 av 40