Meny
Framside
1. klasse
2. klasse
3. klasse
4. klasse
5. klasse
6. klasse
7. klasse
8. klasse
9. klasse
10. klasse
Sirdalsvegen 7352 4443 Tjørhom
Telefon: 38379390 Faks: 94521258 Send e-post til oss
Rektor: Åse-Berit Fidjeland
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<april 2024><<
april 2024
mtotfls
25262728293031
01020304050607
08091011121314
15161718192021
22232425262728
29300102030405
Gå til Google Classroom
Snøen smeltar. Dagane er lysare. Men stig sevja i trea endå? DET drog me til ei li i nærleiken i dag for å teste ut.

Me prøver igjen...

Det er tid for ny trivselsundersøking, og ver grei å lesa nøye gjennom føreordet før de startar undersøkinga. Siste frist 22. april 2024.

I haust vart det ei påskjønning til 4. klasse sidan dei hadde størst prosentvis svar blant alle på skulen. 10. klasse vart "slått på målstreken", så nokon vil kanskje gjera ein ekstra innsats nå i vår. Påskjønninga i haust vart "Olsenbanden jr. på Cirkus" 10.04.24, og dei hadde ein fin kveld, fortel rykta.

På førehand takk!


I dag flaut me oppå snøen til fots. Fantastisk å springa ned til Klampen på knallhard skare.

Bertelsen & Garpestad vil invitera elevane ved Sinnes skule til konsert med TIX laurdag 23. mars på Sirdal skiarena!

Dette er gratis (og alkoholfritt). 

Konserten startar kl. 14.15 og vil vara ca. 30 min. 

Det er dessverre ikkje mogleg å parkera på parkeringsplassen til Sirdal skiarena, men det er mogleg å sleppa av og så henta etter 15.15. 

Eit alternativ kan vera å parkera ved Grendehuset og gå på ski bort til konserten. 


Det blir alpindag på fredag 22. mars. 

Elevane møter til skulen til vanleg tid, og så køyrer me direkte til Ådneram. Heimover kan dei som bur mellom skulen og Ådneram gå av undervegs etter avtale med lærar. Me er attende til skuleslutt.


Ho kom som bestilt i dag, sola. I det me hadde fått på oss skiskoa og var klar for vår faste torsdagstur, vart det med eitt påskeføre og fantastiske tilhøve for ein deilig uteskuledag, på vår 100. skuledag (1. klasse) i år.