Meny
Velg seksjon Elevråd
Klasse 1
Klasse 2
Klasse 3
Klasse 4
Klasse 5
Klasse 6
Klasse 7
-Vanvikvegen 1665 4209 Vanvik
Telefon: 52 79 09 78
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt

Juleferien nærmar seg med stormskritt og tysdag 20.12 er siste skuledag dette kalenderåret.

Denne dagen går elevane til klokka 12.00, då køyrer skuleskyssen dei heim att.

For dei som nyttar seg av SFO-tilbodet ved skulen er dette ope frå klokka 12.00-16.00.

I samband med avslutningsdagen ønskjer skulen nokre felles køyrereglar når det gjelder kva barna kan ta med seg av brus og godteri. Me ser føre oss at kvar elev kan ta med seg ei flaske brus, juice eller anna drikke. Når det gjeld godteri meiner me at ein pose chips eller ein pose godteri er akseptabelt, i tillegg til julekaker for dei som måtte ønske det. Dette for at siste skuledag skal vera mest muleg rettferdig for elevane.

Elevane vil også få høve til å eta opp kakerestar frå juleavslutninga kvelden i førevegen.


Nå nærmar tida seg for den årlege oppvekstkonferansen med tilhøyrande temakveld.

Den 10.11 frå klokka 200-22 får me besøk av Barnevernsproffane og Forandringsfabrikken i kulturhuset i Suldal.

I år skal me saman fokusera på tidleg innsats, for å hindra at barn i Suldal må leva med ulike krenkelsar, som vald, overgrep og generell omsorgssvikt. 

Det trengs ikke påmelding til temakvelden.

La oss samla så mange som muleg til temakveld om dette viktige temaet!

Me Bryr Oss i Suldal- ressursgruppe

Eirik Iversen

SLT-koordinator 


Nettsida tek stadig meir form og nye funksjonar er klare. Først ut er kalender- og dokumentfunksjon.

Til høgre på framsida vil de finna ein kalender med oversikt over til dømes fridagar, ekstra skuledagar for 1-4. klasse, med meir.

Om du/de kun ønsker kalenderinformasjon om barnehagen, SFO eller for dykkar borns klassetrinn, kan ein filtrera ut dette ved å gå inn i menyen oppe til høgre med tittelen "velg seksjon", og klikka tildømes barnehage.

Oversikta er basert på skule- og barnehageruta, og det vil bli lagt ut informasjon om nye hendigar fortløpande når desse er bestemte.

Så om ein ønsker oversikt, er dette staden å leita!

Søknadsskjema og til dømes vedtekter har eg samla under fana "Diverse dokument" til høgre på nettsida, like under kalenderen.

Også her er det muleg å få dokument for berre barnehage eller skule ved å gå inn på den spesifikke avdelinga i menyen heilt oppe til høgre.