Meny
Velg seksjon Klasse 7
Klasse 1
Klasse 2
Klasse 3
Klasse 4
Klasse 5
Klasse 6
Klasse 7
-Vanvikvegen 1665 4209 Vanvik
Telefon: 52 79 09 78
Redaktør: Jannicke Hatlen
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<mars 2024><<
mars 2024
mtotfls
26272829010203
04050607080910
11121314151617
18192021222324
25262728293031
01020304050607
Det er 1 dokumenter i arkivet.
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Sidan august har Vanvik oppvekstsenter hatt et samarbeid med Marvik skule, Jelsa skule og Nesflaten oppvekstsenter knytt til motivasjon og lærelyst på fådelte skular i Suldal. Dei tilsette har hatt fleire samlinger knytt til ulike tema. Ekstra kjekt var det at Marvik skule tok turen på besøk den 18. mai. Elevane frå Vanvik viste stolt fram skulen sin før det vart eit slag slåball og etterpå mat i gymsalen. Marvik reiste vidare til Løland for omvisning i Rosebua og lære meir om Rasmus Løland.   

Vanvik oppvekstsenter vil saman med FAU invitere til solidaritets aksjon til innsamling for Ukraina.
Elevrådet har valt at me støtter organisasjonen Norges Røde Kors denne gongen. 

 

 

 

Tid: torsdag 24.03 kl. 16.00- 17.30(18.00) 
Stad: Vanvik oppvekstsenter, gymsalen.
Kafe: Det vert sal av middag (elevane sel hønsefrikassé mellom 16-17) samt kaffi, kaker og lodd.
Butikk:  Borna har laga ulike formingsvarer dei vil selje.

Underhaldning og loddtrekking ca. kl. 17.00

Alle er velkomne


Barnehage og skule kastar seg rundt i det fine veret og tek turen til Løland for ski- og aktivitetsdag. Nokre med mål om å gå på ski for fyrste gong i år, andre med mål om å leike og ake. Dei som ikkje har ski på beina, er ivrige publikummarar og skal hjelpe til med alt frå bålfyring og grilling. 
Me håpar på å sjå sjokoladebartar rundt smilande munnar som vitnar om at toppen av lykke ein slik dag, er det å ha med seg ei annleis niste som gir energi til aktivitet ein heil dag. 
Gleda er stor og me ser fram til ein dag der alle er med i strålande innsats der skiglede, inkludering  og vennskap er i fokus!

I dag er to av elevane på mellomtrinnet på trivselsleiarkurs saman med elevar frå alle skulane i Suldal. Dei skal verta skulelerte som TL- leiarar. Vanvik skule har hatt trivselsleiarar i mange år og kvart halvår får nye elevar tilbod om kurs.

På kurs lærer me jamleg opp elevar til å bidra som mobbefrie trivselsleiarar som legg til rette for eit betre samhald og tryggare skulemiljø gjennom organiserte felles aktivitetar i friminutta.

Målet er å:

-Auka trivselen

-Auka og meir aktivitet i friminutta.

-Byggja relasjonar

-Forebygga konfliktar

-Gi inkluderande, venlege og respektfulle elevar.

Elevane ved Vanvik oppvekssenter har særs gode TL- leiarar og dei som hadde ansvaret i haust gjorde ein kjempejobb. Me ynskjer dei to nye elevane som er på kurs i dag lukke til og gler oss til fleire kjekke og inkluderande aktivitetar. 


Vanvik oppvekstsenter har ledig 60% stilling frå hausten 2022. Me ser etter nokon som ynskjer å jobbe på ein liten skule der du har anledning til å sjå kvar og ein og arbeide med relasjonar i alderblanda grupper. Vanvik oppvekstsenter er ein flott og stolt skule der me jobbar tverrfagleg og nyttar lokalmiljøet i undervisninga. Me er opptatt av inkluderande læringsmiljø og har faste dagar gjennom året der me har ekstra fokus på dette saman med barnehagen. Alle skal kjenne seg inkludert og verdifull i lag med oss. Me vaksne har det kjekt i lag og dagane er prega av latter, glede og samarbeid. 

Dersom du vil vita meir, kan du kontakte rektor Jannicke H. Hatlen på epost jannicke.hillestad.hatlen @suldal.kommune.no eller på tlf: 91243268. Du kan også søkje her: https://suldal.easycruit.com/vacancy/2867741/200259?iso=nn