Meny
Velg seksjon Samarbeidsutval
Klasse 1
Klasse 2
Klasse 3
Klasse 4
Klasse 5
Klasse 6
Klasse 7
-Vanvikvegen 1665 4209 Vanvik
Telefon: 52 79 09 78
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt

Planlegginga av eit nytt skuleår er godt i gong.

Under fana dokumenter finn de nå:

"Skuleruta 2017/18" (Me vil koma attende med kva onsdagar det blir fri eller skule innan april)

"Søknadsskjema for SFO 17/18".

"Barnehagerute 2017/18"

Søknadsfrist for SFO er 15. mars, og det er viktig at denne blir overholdt, då det kan gi utslag på ressurstildelingane våre.


Nå nærmar tida seg for den årlege oppvekstkonferansen med tilhøyrande temakveld.

Den 10.11 frå klokka 200-22 får me besøk av Barnevernsproffane og Forandringsfabrikken i kulturhuset i Suldal.

I år skal me saman fokusera på tidleg innsats, for å hindra at barn i Suldal må leva med ulike krenkelsar, som vald, overgrep og generell omsorgssvikt. 

Det trengs ikke påmelding til temakvelden.

La oss samla så mange som muleg til temakveld om dette viktige temaet!

Me Bryr Oss i Suldal- ressursgruppe

Eirik Iversen

SLT-koordinator 


Datoane for årets foreldremøter ved oppvekstsenteret er sett til 29.08 klokka 19:00 for barnehagen, og 06.09 klokka 19:00 for skulen.

Begge møta finn stad i oppvekstsenteret sine lokale.

Saklister vil bli sendt ut nokre dagar i førevegen.

Forslag til saker kan sendast tore.bastlien.dahl@suldal.kommune.no eller tas opp under eventuellt på møta.


Nettsida tek stadig meir form og nye funksjonar er klare. Først ut er kalender- og dokumentfunksjon.

Til høgre på framsida vil de finna ein kalender med oversikt over til dømes fridagar, ekstra skuledagar for 1-4. klasse, med meir.

Om du/de kun ønsker kalenderinformasjon om barnehagen, SFO eller for dykkar borns klassetrinn, kan ein filtrera ut dette ved å gå inn i menyen oppe til høgre med tittelen "velg seksjon", og klikka tildømes barnehage.

Oversikta er basert på skule- og barnehageruta, og det vil bli lagt ut informasjon om nye hendigar fortløpande når desse er bestemte.

Så om ein ønsker oversikt, er dette staden å leita!

Søknadsskjema og til dømes vedtekter har eg samla under fana "Diverse dokument" til høgre på nettsida, like under kalenderen.

Også her er det muleg å få dokument for berre barnehage eller skule ved å gå inn på den spesifikke avdelinga i menyen heilt oppe til høgre.