Meny
Velg seksjon SFO
Klasse 1
Klasse 2
Klasse 3
Klasse 4
Klasse 5
Klasse 6
Klasse 7
-Vanvikvegen 1665 4209 Vanvik
Telefon: 52 79 09 78
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<november 2019><<
november 2019
mtotfls
28293031010203
04050607080910
11121314151617
18192021222324
25262728293001
02030405060708
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
I samband med Me bryr oss konferansen dette året skal det vera ein temakveld på Kulturhuset i Suldal torsdag 09. november kl 20.00-22.00. Tittelen er «Du er viktigare enn du trur» og handlar om det å vera ein betydningsfull vaksen i møte med barn og unge. Dagen etter skal alle som jobbar med barn og unge i Suldal ha fagdag med same tema. Foredragshaldarar er Kristin Oudmayer og Yngve Træland.

Planlegginga av eit nytt skuleår er godt i gong.

Under fana dokumenter finn de nå:

"Skuleruta 2017/18" (Me vil koma attende med kva onsdagar det blir fri eller skule innan april)

"Søknadsskjema for SFO 17/18".

"Barnehagerute 2017/18"

Søknadsfrist for SFO er 15. mars, og det er viktig at denne blir overholdt, då det kan gi utslag på ressurstildelingane våre.


Juleferien nærmar seg med stormskritt og tysdag 20.12 er siste skuledag dette kalenderåret.

Denne dagen går elevane til klokka 12.00, då køyrer skuleskyssen dei heim att.

For dei som nyttar seg av SFO-tilbodet ved skulen er dette ope frå klokka 12.00-16.00.

I samband med avslutningsdagen ønskjer skulen nokre felles køyrereglar når det gjelder kva barna kan ta med seg av brus og godteri. Me ser føre oss at kvar elev kan ta med seg ei flaske brus, juice eller anna drikke. Når det gjeld godteri meiner me at ein pose chips eller ein pose godteri er akseptabelt, i tillegg til julekaker for dei som måtte ønske det. Dette for at siste skuledag skal vera mest muleg rettferdig for elevane.

Elevane vil også få høve til å eta opp kakerestar frå juleavslutninga kvelden i førevegen.


Nå nærmar tida seg for den årlege oppvekstkonferansen med tilhøyrande temakveld.

Den 10.11 frå klokka 200-22 får me besøk av Barnevernsproffane og Forandringsfabrikken i kulturhuset i Suldal.

I år skal me saman fokusera på tidleg innsats, for å hindra at barn i Suldal må leva med ulike krenkelsar, som vald, overgrep og generell omsorgssvikt. 

Det trengs ikke påmelding til temakvelden.

La oss samla så mange som muleg til temakveld om dette viktige temaet!

Me Bryr Oss i Suldal- ressursgruppe

Eirik Iversen

SLT-koordinator 


Datoane for årets foreldremøter ved oppvekstsenteret er sett til 29.08 klokka 19:00 for barnehagen, og 06.09 klokka 19:00 for skulen.

Begge møta finn stad i oppvekstsenteret sine lokale.

Saklister vil bli sendt ut nokre dagar i førevegen.

Forslag til saker kan sendast tore.bastlien.dahl@suldal.kommune.no eller tas opp under eventuellt på møta.