Meny
Velg seksjon Klasse 7
Klasse 1
Klasse 2
Klasse 3
Klasse 4
Klasse 5
Klasse 6
Klasse 7
Vinjar Skule 4237 Suldalsosen
Telefon: 52790900 Send e-post til oss
Gå til Its Learning

God måndag!

Idag starta me trivselsveka med fellessamling ute på skuleplassen. Me snakka om kva trivsel er, kva me kan gjera for og trivast og at me alle har rett til å ha det bra. Me snakka og om at dette gjeld heile skuleåret gjennom!

Me avslutta samlinga med å synga skulesongen vår :)


 

1. og 7.klasse stod for adventsamlinga i dag. Første klasse sjarmerte oss med Luciatog og song, før tre sjuandeklassejenter fortalde om kven Lucia var og skikken med å "gå Lucia". To adventslys skein mens julesongane tona i fellesrommet. 7.klasse dramatiserte "På låven sitter nissen" og fekk alle med på songen. Til slutt serverte elevane i 1. og 7.klasse sjølvlaga lussekattar til heile skulen.


Nede igjen etter ein flott tur til Stråpanuten. Trur kanskje me kunne høyrast heilt til skulen når songen ljoma mellom tre og nutar. Turen gjekk med liv og lyst, og ikkje var det så blautt på stien heller. 

Vinjar skule ønskjer å vera saman med dei andre skulane- og barnehagane om å gjennomføra ei kampanje mot hovudlus. Alle elevane får med seg heim eit skriv der me ber alle heimane om å sjekka seg for lus førstkomande helg. Det er vonleg dette som skal til for å få bukt med hovudlusa! Lukke til:)