17. mai 2012
Publisert: 18.05.2012
Her er nokre glimt frå 17. mai feiringa:)
Matematikken sin dag på Vinjar
Publisert: 25.04.2012
Onsdag 25.04. var det praktisk matematikk som hadde fokus på Vinjar skule. Elevane arbeidde i aldersblanda grupper, og dei gjekk frå stasjon til stasjon. Det var full aktivitet heile skuledagen, og elevane gav positive tilbakemeldingar på at dette kunne vi ha meir av :)
Forfattarbesøk
Publisert: 24.04.2012
Sist veke hadde mellomtrinnet besøk av forfattaren Bjørn Sortland. Han fortalde om livet som forfattar, om gode skrivetips og så leste han utdrag frå den nyaste boka si: 12 ting som må gjerast før verda går under. Dette er ei bok du som vaksen òg kan ha godt av å lesa. Boka tek opp tema som kjærleik, forfold til besteforeldre, korleis det er å ha ei autistisk søster, tankar om framtida og mykje meir.
Heimesida til Bjørn Sortland er verdt eit besøk. Adressa er: www.bjornsortland.no
Nye telefonnummer til skulen frå og med 19.04.2012
Publisert: 16.04.2012 skrive av: Rektor
Vinjar skule får nye telefonnummer frå og med torsdag 19.04.12, grunna omlegging til felles senrtalbord med Suldal kommune.
Dei nye nummera er:
Vinjar skule/rektor: 52790900
Sfo: 52790909
Vaktmeister: 52790906
Arbeidsrom tilsette:52790903
Biblioteket: 52790920
Elevundersøkinga 2012
Publisert: 09.03.2012
Elevundersøkinga gir elevane høve til å seia meininga si om forhold som er viktige for å læra og trivast på skulen sin. Elevane i 5., 6. og 7. klasse skal gjennomføra Udir si Elevundersøking før påske.
Her finn du spørsmål frå Elevundersøkinga for elevar på 5.-7. trinn.
Sjå fleire artiklar >>