Meny
Framside
1. klasse
2. klasse
3. klasse
4. klasse
5. klasse
6. klasse
7. klasse
8. klasse
9. klasse
10. klasse
Sirdalsvegen 7352 4443 Tjørhom
Telefon: 90692706 Send e-post til oss
Inspektør: Kristina Smedegård
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<oktober 2025><<
oktober 2025
mtotfls
29300102030405
06070809101112
13141516171819
20212223242526
27282930310102
03040506070809
Gå til Google Classroom

I dag vart det skogdag i høgda. Me gjekk til "den hemmelege plassen" og hadde show, laga hytter, klatra, spikka og rulla, og koste oss i det heile tatt voldsomt i haustsola.

I dag fekk me hjelp av 8. og 9. klasse til å leggja tilhøva så godt til rette som me kan, for at neste Leif Ove Andsnæs kjem frå Sinnes.

Me sette ut piano ved volleyballbana. Slik kan elevane ha litt anna enn ballspel å driva med i friminutta.

Vonar alle kan hjelpa å ta vare på det så lenge det går! Så vil nok temperaturskilnader slå inn ganske snart på strengene, men det kan jo verta musikk av det òg....


Sola varmar endå med sine stråler, trass i at me no har bikka godt ut i september.

Hausten er over oss, og jakta er i gang. I dag hadde 1. -4. klasse ein tur til Øyna og såg på naturutstillinga av dyr som er i området. Me lærte om gråbein og skrubb, betre kjend som ulv. Me såg ei ugle og eit rådyr. Ein liten reveunge var det òg. 

Sirdal kommune ynskjer innspel frå innbyggjarane.