I dag starta 1. trinn skuledagen med rebus der temaet var 17. mai. Elevane måtte blant anna telje ballongar, finne hemmelege ord, finne ut kor mykje pengar dei hadde att etter ein tur i 17.- mai kiosken, synge nasjonalsangen og svare på kven som hadde skrive teksten til den. Ein kjekk start på dagen i finevêret:)