Meny
Velg seksjon Framside
Uteflorsvegen 12 5392 Storebø
Telefon: 55 08 13 25 Send e-post til oss
Redaktør: Vibecke Storebø
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<desember 2025><<
desember 2025
mtotfls
24252627282930
01020304050607
08091011121314
15161718192021
22232425262728
29303101020304
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Då var siste dag komt på sfo også og me har hatt ei fin førjulstid med juleverksted, baking og kos. Me har laga julepynt og julegåver og kosa oss både store og små! Me på sfo vil ønske alle ei god jul og eit riktig godt nyttår og ser fram til å møte store og små igjen på nyåret:)

I dag var siste elevdag på skulen før jul. Vi har lagt bak oss ei fin førjulstid med mykje kjekt innhald. Som avslutning hadde vi skulekino. Vi fekk òg besøk av nissen, som var innom klassane før elevane gjekk heim.
Vi ønskjer alle elevar og føresette ei riktig god jul og eit godt nytt år. Velkomen tilbake på skulen til første skuledag etter jul, som er 5. januar.

Tysdag 9. desember hadde elevar på 1. og 2. trinn julespel på skulen. Dei yngste elevane viste stort mot og engasjement, og leverte ei koseleg og stemningsfull framsyning. Med song, replikkar og glede på scena skapte dei ekte julestemning.
Både barn og vaksne hadde lagt ned ein flott innsats i førebuingane, og samarbeidet mellom elevar og tilsette gjorde arrangementet til ei god oppleving for alle. Etter julespelet vart det juletregang, der song og fellesskap samla små og store til ei hyggeleg førjulsstund.
Det er fint å halde ved like slike gode juletradisjonar som skapar samhald, glede og gode minner i skulekvardagen.

Tysdag 16. desember hadde 3. og 4. trinn julespel på skulen. Elevane imponerte med flott innsats, og både barn og vaksne bidrog til ei stemningsfull framsyning.
Etter julespelet vart det juletregang, noko som skapte god julestemning for både små og store. Det er fint å ta vare på slike gode juletradisjonar som samlar skulefellesskapet.