Meny
Velg seksjon 1. trinn
Uteflorsvegen 12 5392 Storebø
Telefon: 55 08 13 25 Send e-post til oss
Redaktør: Vibecke Storebø

STOREBØ SKULE sin spleis: Skulejoggen 2025 - for barna i Gaza. | Spleis fra SpareBank 1

Onsdag 22.10.25 deltek Storebø skule på Skulejoggen som er eit solidaritetsløp. På grunn av vegarbeid vil løypa i år gå gjennom Knivhaugane, ned bruvegen, gjennom Gråsiddalen og opp trappene på nordsida av Austevollsbadet. Me startar løpet kl. 08.25 på skuleplassen og kjekt om nokon heiar på oss langs løypa.

Alle pengane som vert samla inn, går til SOS-barnebyer sitt arbeid for barn i Gaza. 
SOS-barnebyer i Palestina samarbeidar med UNICEF for å finne barn som er åleine, og med Røde Kors for å spore eventuelle slektningar til barna. Dette er ei stor utfordring, særleg med dei minste, når dei manglar opplysningar om namn og bakgrunnen til barna.
Hjelp oss å hjelpe! 


Fau oppfordrar til å sjekke ut: 

https://www.smarttelefonfribarndom.no/ 

 

 

 


Storebø skule har fått nytt elevråd for skuleåret 2025/2026. Elevane har stemt fram sine representantar, og samansetjinga av rådet blei klar denne veka.

Onsdag tok 1.trinn buss til Bekkjarvik for å sjå juleteateret "Den vesle bygda som gløymde at det var jul". Dette var ei kjekk oppleving for små og store.