Meny
Velg seksjon Framside
Klasse 1
Klasse 2
Klasse 3
Klasse 4
Klasse 5
Klasse 6
Klasse 7
Vinjar Skule 4237 Suldalsosen
Telefon: 52790900 Send e-post til oss
Gå til Its Learning
Spreke elevar på mellomtrinnet

Nede igjen etter ein flott tur til Stråpanuten. Trur kanskje me kunne høyrast heilt til skulen når songen ljoma mellom tre og nutar. Turen gjekk med liv og lyst, og ikkje var det så blautt på stien heller. 

På slike turar er det kjekt å få vera i lag med elevar frå dei andre klassane òg, læra å ta omsyn og hjelpa kvarandre. Heldigvis fekk me ikkje bruk for førstehjelpsutstyr heller. Om nokon kom slitne heim i dag, er det heilt forståeleg, ikkje kvar dag me er ute og går i over fire timar. Men humøret var på topp heilt til me var tilbake på skulen og elevane kunne fram bøkene på lekselesing.