Meny
Velg seksjon Framside
Klasse 1
Klasse 2
Klasse 3
Klasse 4
Klasse 5
Klasse 6
Klasse 7
Vinjar Skule 4237 Suldalsosen
Telefon: 52790900 Send e-post til oss
Gå til Its Learning
Leirskule er topp

Ei lita helsing frå oss som nyt dagane på Gullingen: Berre blide fjes så langt :-) Ein super gjeng har det heilt topp på leirskulen. Dagane er travle, så når Kari tar "god-natt-runden" klokka ti, søv halvparten godt i soveposane (eller later som dei søv :-)) I alle fall har me ikkje lidd av heimlengsel, og mange nye bekjentskap har me fått.

No er overgangen til ungdomsskulen starta for alvor, og me har sett kven som kan bli dei nye klassekameratane neste år. Mange var kjende frå før, men mange er òg nye. 

Utruleg heldige har me vore med vêret, og sjeldan har ein klasse vore så spreke på ski! I morgon er me klare for "tur etter evne", og Vinjar-elevane kjem nok til å vera med på dei tøffaste turane. 

Main Image
Bilete 1 av 7