Meny
Velg seksjon Framside
Klasse 1
Klasse 2
Klasse 3
Klasse 4
Klasse 5
Klasse 6
Klasse 7
Vinjar Skule 4237 Suldalsosen
Telefon: 52790900 Send e-post til oss
Gå til Its Learning
Trafikkdag på Vinjar skule

6.november hadde Vinjar skule trafikk på programmet.

North Sea Link (NSL) og Vinjar skule arrangerte tysdag 6.november trafikkdag for alle elevane. NSL er selskapet som har ansvar for englandskabelen frå Kvildal til Blyth i England. Det blir verdas lengste straumkabel,  og dei har stort fokus på sikkerheit i prosjektet. Det er stor aktivitet i Kvildal, og det fører med seg mykje trafikk av store, og mindre store, bilar. For å trygga Suldalssamfunnet og visa at dei bryr seg, ville dei gjerne vera med å arrangera denne dagen.

Me fekk og med oss politiet, som stilte med 4 politimenn, og Kruse Smith stilte med stor lastebil. I tillegg hadde me fått med oss fleire foreldre og besteforeldre, som alle deltok på dei ulike stasjonane.

Dagen vart organsiert med 4 ulike stasjonar som alle elevane var innom. Det var sykkelverkstad, der dei kunne ordna bremser og sjekka syklane. Dei fekk og kvar si fram- og baklykt. Så hadde me sykkel-løypa, der ein fekk testa sykkelferdigheitene sine, og så hadde me gjennomgang av trafikkskilt og ein stasjon med lastebilen. Der fekk alle koma inn i lastebilen der fokuset var blindsona.

Me vil sei tusen takk til alle som bidrog til ein fin og nyttig dag saman med elevane!

 

Main Image
Bilete 1 av 9