Meny
Velg seksjon Framside
Klasse 1
Klasse 2
Klasse 3
Klasse 4
Klasse 5
Klasse 6
Klasse 7
Vinjar Skule 4237 Suldalsosen
Telefon: 52790900 Send e-post til oss
Gå til Its Learning
JULEVERKSTAD

Tysdag 4.desember hadde heile skulen juleverkstad. Me hadde ein kjekk dag på tvers av trinna, og me fekk lage julesnop, juletre, julekuler og lyslykter! Me er heldige som har så mange kjekke elevar! Dei er blide, morosame og hyggelege, og dei store er flinke til å hjelpa dei små!

Desember blir ein travel månad med mange aktiviteter. I tillegg til juleverkstad har me adventstund kvar måndag, 1.klasse skal gå Lucia, me skal ha nissefest, julefest og til slutt julegudsteneste.

Det er kjekt og det er travelt! Akkurat slik desember skal vera!

Main Image
Bilete 1 av 31