Meny
Velg seksjon Framside
Klasse 1
Klasse 2
Klasse 3
Klasse 4
Klasse 5
Klasse 6
Klasse 7
Vinjar Skule 4237 Suldalsosen
Telefon: 52790900 Send e-post til oss
Gå til Its Learning
Godt nytt trygt skuleår!

Hei og god måndag!

Me er no inne i vår fjerde veke etter nyttår og vaksne og elevar er tilbake i kvardagens gjeremål på skulen. Me jobbar, som me vil og skal, at Vinjar skule skal vere ein trygg og god skule for alle elevane våre, og eg vil difor minna om Opplæringslova §9A.

 

Alle elevar har rett til eit trygt og godt skulemiljø. Skulen skal ha nulltoleranse mot krenking, som mobbing, vold, diskriminering og trakassering.Skulen skal heile tida arbeide for best mogleg skulemiljø og at skulen blir opplevd som trygg og god for elevane. Rektor har ansvaret for at dette blir gjort.Alle vaksne som arbeider på skulen skal følgja med på at elevane har det bra og gripe inn mot mobbing og anna krenking. Dei skal også varsle rektor viss dei får mistanke eller kjennskap til at ein elev ikkje har det trygt og godt.

Me treng og de som føresette på lag i dette arbeidet. Me treng føresette som blant anna:

- Tek kontakt med skulen og kontaktlærar om dei er uroa for om eige eller andre barn har det bra

- Snakkar med eigne barn om kva dei kan gjera i skuletida og på fritida for å inkludera mangfoldet av elevar

- Er merksam på utstøyting og utanforskap i det eige barn fortel om heime

- Vere medviten om korleis me sjølv som vaksne og føresette snakkar om andre, kven og kva ein snakkar om

- FRAMSNAKKAR andre