Meny
Velg seksjon Framside
Klasse 1
Klasse 2
Klasse 3
Klasse 4
Klasse 5
Klasse 6
Klasse 7
Vinjar Skule 4237 Suldalsosen
Telefon: 52790900 Send e-post til oss
Gå til Its Learning
TV-aksjonen 2020

Årets TV-aksjon går til WWF sitt arbeid for å bekjempa plast i havet. Vinjar skule gjennomførte i går, onsdag, sitt bidrag til TV-aksjonen med Statkraft og Ola Fisketjøn AS som sponsorar!

Elevane ved Vinjar Skule hadde som mål å springa/gå inn så mykje pengar som mogleg til TV-aksjonen. Pengane skal nyttast til å etablera og forbetra eksisterande avfallssystem for meir enn 900 000 menneske i Indonesia, Vietnam, Filippinene og Thailand. Det er her plastutfordringane er størst.

I år har me vore så heldige og fått med oss to sponsorar på laget! Statkraft sponsa kvar oppmålte runde elevane greidde å springa med 10 kroner, Ola Fisketjøn AS sponsa med kr 10 000,-. Elevane på skulen sprang til saman 623 rundar. Til saman sender då Vinjar skule 16 230,- til WFF sitt arbeid for å bekjempa plast i havet. Me vil retta ein stor takk til sponsorane våre!

Sjå under for bilete frå TV-aksjonen.

Main Image

Bilete 1 av 25