Meny
Vel side Framside
Sagstadvegen 76 5918 Frekhaug
Telefon: 56 17 13 00 Send e-post til oss
Redaktør: Elisabeth Eikrem Åmdal
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Pålogging heimesida
Pålogging heimesida - ansatte
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<mai 2021><<
mai 2021
mtotfls
26272829300102
03040506070809
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31010203040506
Skuleskyss

Elevar i 2. - 10. årstrinn som bur meir enn fire kilometer frå skulen har rett til gratis skyss. For elevar i 1. årstrinn er skyssgrensa to kilometer. Den einskilde skule ordnar med skuleskyss for dei som har rett på det. 

I Alver kommune vert det ei praksisendring i høve til korleis det var i gamle Meland kommune med tanke på skuleskyss. 

Tidlegare måtte ikkje dei som hadde skyss på grunn av særs vanskeleg eller farleg skuleveg søkje om fri skyss. Det må dei no. Det er utarbeida ein analyserapport som ligg på heimesida til kommunen.

Elevar i 1. klasse som har over 2 km skuleveg og elevar frå 2.-7. klasse med over 4. km skuleveg treng ikkje gjere noko. Dei har skulen allereie bestilt skuleskyss til.

Men for elevar på 1. klasse med under 2 km og for elevar frå 2.-7. klasse med under 4 km skuleveg må det søkjast om fri skuleskyss om skyss skal innvilgast.

Les meir om skuleskuss på heimesida til kommunen: https://www.alver.kommune.no/innhald/skule-og-utdanning/skuleskyss/

Søknadsskjema for fri skuleskyss finn de her: https://bit.ly/33FtonM