Meny
Vel side Framside
Sagstadvegen 76 5918 Frekhaug
Telefon: 56 17 13 00 Send e-post til oss
Redaktør: Elisabeth Eikrem Åmdal
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Pålogging heimesida
Pålogging heimesida - ansatte
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<juli 2021><<
juli 2021
mtotfls
28293001020304
05060708091011
12131415161718
19202122232425
26272829303101
02030405060708
Eit spesielt skuleår er no avslutta. Alle på skulen ser no fram mot eit nytt skuleår på grønt nivå, der skuledagen vert tilnærma normal.

Det ligg mykje klede, sko og liknande på bord rett ved hovudinngongen på skulen. Ta ein kikk om det er noko du saknar som kan ligge der. Alt blir liggande til siste skuledag - 22.juni. Det som ikkje er henta innan den tid, blir levert til veldedig innsamling.

Då er oversikten over kven som skal vere kontaktlærar i dei ulike klassane frå hausten av klar.

1A: Birgit Høyvik
1B: Sarita Hauge Aasgård
1C: Madeleine Bratshaug

2A: Kristin Brakstad Traa
2B: Laila Haugland
2C: Sissel Marås
2D: Charlotte Skjelanger

3A: Håvard Brakstad Moen
3B: Anniken Hauge Monsen
3C: Monica Haugen

4A: Silja Karin Corneliussen
4B: Nina Olsvoll
4C: Tina Vågenes
4D: Martina Kjeilen

5A: Hilde ertesvåg
5B: Helene Berg
5C: Pia Eileen Grøneng

6A: Tove Sletten
6B: Kjersti Sagstad
6C: Tonje Bøe Skårsmoen

7A: Johanne Gjelsvik
7B: Harald Helgesen
7C. Susanne Hetland Hillestad

  


Det er mykje trafikk ved levering og henting ved skulen om dagen. Mange tek lettvinte løysingar som skaper stor trafikkfare. Vi ber dykk om å følge oppsett køyremønster - sjå bilete. 
Alle som skal levere barn om morgonen, må nytte busslomma ved skulen når dei skal sleppe barna av. Då må hadetklemmar vere unnagjort, og sekken må vere klar på fanget, slik at avlevering kan skje kjapt. Barna kan stige av langsmed heile busslomma, då det er trygg fortauskant å gå langs med for å komme opp til skulen. Treng de lenger tid (følge opp, hente sekk o.a. i bagasjerom, lengre hadeklem m.m.) må de nytte parkeringsplassen på motsatt side av skulen.

Elevane kan komme inn i klasserommet frå kl 08:15, og det er fint om ein fordeler "trykket" på levering mellom 08:15 og 08:30

Takk for at de vil hjelpe oss å gjere trafikksituasjonen rundt skulen så trygg som mogleg. Vi har ingen barn å miste! 

 


Elevar i 2. - 10. årstrinn som bur meir enn fire kilometer frå skulen har rett til gratis skyss. For elevar i 1. årstrinn er skyssgrensa to kilometer. Den einskilde skule ordnar med skuleskyss for dei som har rett på det. 

I Alver kommune vert det ei praksisendring i høve til korleis det var i gamle Meland kommune med tanke på skuleskyss. 


Leksehjelp er for elevar på 4.-7.trinn, tysdag og torsdag rett etter skuleslutt. 
Følg lenka for å melde eleven på.

https://mub.me/Wly

 


Alver kommune nyttar Visma Flyt Skole som skuleadministrativt system. Alle føresette kan logge inn gjennom ID-porten for å sjå opplysningar om sitt born.

Det er no opent for å kunne tinge frukt og mjølk til komande skuleår. De finn lenkene til høgre på sida her. 

Torsdag 27.februar opna BUA Frekhaug. Bua er ein utstyrsentral der alle kan låne sport og fritidsutstyr gratis. Her har vi bl.a. skiutstyr, syklar, telt, skateboard, fiskeutstyr og mykje meir. Til våren får vi inn nytt utstyr som er retta mot aktivitetar i sommarhalvåret.   For å bli lånar må ein gå inn på www.bua.io og registrere seg som låntakar i Bua Frekhaug – eller ein kan komme til Bua så kan vi hjelpe til med registreringa. Viss ein ønskjer at barna sine skal kunne gå og låne i Bua må ein enten registrere barnet som medlånetakar (då må barnet ha eiga mail-adressa og telefonnummer) eller foresatte må vera med å låne.   Utstyret ein låner kan ein låne opp til ei veke.  

Bua Frekhaug held til i gamle brannstasjonen på Frekhaug.
Adresse: Havnevegen 45.  

Opningstider er tysdag og torsdag frå klokka 16.00 til 18.00.  

Meir informasjon om BUA Frekhaug finn du på: https://www.facebook.com/buafrekhaug/ og www.bua.io  
Kontaktinformasjon (i opningstida til BUA):
Tlf. 966 25 341
Mail: buafrekhaug@gmail.com  

Velkommen inn i BUA Frekhaug


No vert meir og meir post frå kommunen og dermed også skulen sendt ut til dykkar digitale postkasse.

For meir informasjon, sjå http://www.meland.kommune.no/digital-postkasse.392836.nn.html