Meny
Vel side Trygt og godt skulemiljo
Sagstadvegen 76 5918 Frekhaug
Telefon: 56 17 13 00 Send e-post til oss
Redaktør: Elisabeth Eikrem Åmdal
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma

Opplæringslova §9a-2: Alle elevar har rett til eit trygt og godt skulemiljø som fremjar helse, trivsel og læring. 

Opplæringslova §9a-3: Skulen skal ha nulltoleranse mot krenking som mobbing, vald, diskriminering og trakassering. 

Sagstad skule jobbar kontinuerleg med
* å skape/fremje eit trygt og godt miljø på skulen.
* å førebyggje mobbing og andre krenkingar.
* å handtere mobbing og andre krenkingar når det oppstår.


Alle dei vaksne på skulen har aktivitetsplikt:

* Plikt til å følgje med.
* Plikt til å gripe inn.
* Plikt til å varsle.
* Plikt til å undersøkje.
* Plikt til å setje inn eigna tiltak. 

 


Skulen skal ha eit trygt og godt skulemiljø som fremjar helse,trivsel og læring. Det er ønskjeleg med eit positivt og utviklande samarbeid mellom alle brukara; elevar, foreldre/føresette og tilsette. Det skal vere ein tydeleg samanheng mellom arbeidet med skulen sitt læringsmiljø, ordensreglementet og den enkelte elev si sosiale utvikling. 

Av og til skjer det at elevar kjenner på at dei ikkje har det trygt og godt på skulen. Dei vaksne følgjer med, grip inn og varslar når dei får mistanke om at ein elev ikkje har det trygt og godt. Det er og viktig at eleven og foreldra gir beskjed til skulen dersom det har kome opp ting heime slik at skulen kan undersøkje og eventuelt setje inn tiltak for at eleven igjen skal ha det trygt og godt.