Meny
Vel side For barn i kommunen
Sagstadvegen 76 5918 Frekhaug
Telefon: 56 17 13 00 Send e-post til oss
Redaktør: Elisabeth Eikrem Åmdal
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Det er 3 dokumenter i arkivet.
Lenker
Yngres

Under dokument finn de meir informasjon om familieshowet på Den Nationale Scene.

Premiere 9.januar.


Sagstad skulekorps har rekrutteringskonsert på skulen onsdag 21.oktober. I etterkant av dette, kan dei som vil møte saman med ein forelder på Sagstad skule torsdag 22.oktober kl 17:30-19:00. Då vil de få høyre korpset øve, og kunne prøve og spele på instrumenta dei nytter. For meir informasjon, sjå vedlagt dokument til høgre på sida her.

I Alver kommune skjer det ulike aktivitetar i kommunen. Ungdom, Fritid og Medverknad kan ikkje halde open hall slik dei pleiar, men har lagt til rette for eit tilbod rundt om i klubbane. Sjå under dokument på høgre sida her for å få ein oversikt. God haustferie!

Haustaktivitetar for barn i 5.-7.klasse i alver. 

Torsdag 8.oktober kl 10_14. Bli kjent med biblioteket i Knarvik.

Fredag 9.oktober kl 10-14. Dra garn og krabbeteiner på Litlebergen.

Begrensa plassar! hugs å melde deg på.

Påmelding til haustaktivitetar


Torsdag 27.februar opna BUA Frekhaug. Bua er ein utstyrsentral der alle kan låne sport og fritidsutstyr gratis. Her har vi bl.a. skiutstyr, syklar, telt, skateboard, fiskeutstyr og mykje meir. Til våren får vi inn nytt utstyr som er retta mot aktivitetar i sommarhalvåret.   For å bli lånar må ein gå inn på www.bua.io og registrere seg som låntakar i Bua Frekhaug – eller ein kan komme til Bua så kan vi hjelpe til med registreringa. Viss ein ønskjer at barna sine skal kunne gå og låne i Bua må ein enten registrere barnet som medlånetakar (då må barnet ha eiga mail-adressa og telefonnummer) eller foresatte må vera med å låne.   Utstyret ein låner kan ein låne opp til ei veke.  

Bua Frekhaug held til i gamle brannstasjonen på Frekhaug.
Adresse: Havnevegen 45.  

Opningstider er tysdag og torsdag frå klokka 16.00 til 18.00.  

Meir informasjon om BUA Frekhaug finn du på: https://www.facebook.com/buafrekhaug/ og www.bua.io  
Kontaktinformasjon (i opningstida til BUA):
Tlf. 966 25 341
Mail: buafrekhaug@gmail.com  

Velkommen inn i BUA Frekhaug


Annakvar fredag er det Yngres på Frekhaug bedehus kl. 18.30-21.00.
Vi har andakt, kiosk og aktivitetar. Det kan vera brettspel, bordtennis, biljard, matgruppe eller andre sosiale ting. 
Du finn lenka til Yngres - Meland kyrkjelyd under lenker til høgre.

Velkommen!


Skulen sender ikkje lengre ut anna ranselpost enn den informasjonen skulen sjølv treng å sende ut til foreldre. Har lag og organisasjonar informasjon dei ønskjer å nå ut med til elevar som går på Sagstad skule, kan du sende det på mail til redaktør for heimesida i god tid før arrangementet, og så vil vi legge ut informasjonen frå deg.