Meny
Vel side Mat og helse
Sagstadvegen 76 5918 Frekhaug
Telefon: 56 17 13 00 Send e-post til oss
Redaktør: Elisabeth Eikrem Åmdal
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Det er 7 dokumenter i arkivet.
Pålogging heimesida
Pålogging heimesida - ansatte

GODT NYTT ÅR!

Vi startar året med å lage steikt ris som er ein enkel middagsrett med ris, kylling og grønsaker.
Vi lagar også brownies for å feire det nye året :)


GOD JUL

Hugs matpakke!

Denne siste veka før juleferien skal vi vaske ned kjøkkenet, men vi får også tid til å kose oss litt. Vi steiker lappar på steikepanna og høyrer på julemusikk. Kanskje får vi sjå litt meir på julefilmen vi starta på sist veke?

- måndagsgruppa skal på adventsamling kl 9.
- mat og helse utgår på fredag sidan det er siste skuledag.

 

 


Julebakst

Denne veka skal vi bake 3 sortar julekaker. Det er veldig lurt å lese gjennom oppskriftene før du kjem til timen! Vi skal bake sjakkruter, peppernøtter og sjokoladecornflakes.

VIKTIG: Sidan du kan ta kaker med deg heim, må du hugse å ta med deg ein kakeboks.

HUGS: Ta med matpakke. Vi lagar ikkje mat denne gongen.

 


Denne veka skal vi bake lussekattar og lære om kvifor vi feirar Luciadagen.

Denne veka skal vi lage tacopai.

Denne veka skal vi lage pølsegrateng og bake flettebrød.

 


Denne veka skal vi lage ein vegetarrett.

Vi lagar chili sin carne, ei litt hot gryte som vert servert med rømme og tacochips.


Også denne veka er det fisk på menyen. Vi skal lage heimelaga fiskepinnar av laks og torsk. Vi prøver oss på søtpotetfries som tilbehør til denne middagen. Det er ikkje så lett å få dei sprøe og akkurat passe steikt, men vi prøver:)

Og kanskje det vert dessert denne gongen? 

Fredagsgruppa utgår pga. planleggingsdag.


Denne veka skal vi lage ein fiskerett som vi har kalla Salma Curry. 

Her er det mange spanande smakar!

 


Denne veka skal vi lage wok med sursøt saus. Vi bruker kylling og gode, fargerike grønsaker.

Denne veka skal vi lære om halvfabrikate matvarer.

Vi skal lage tomatsuppe frå pose, koke makaroni og hardkokte egg.


Denne veka skal vi lage kyllingbollar, steikte potetbåtar og aioli.

Vi skal også lære litt meir om dei like matvaregruppene.