Meny
Vel side Framside
Sagstadvegen 76 5918 Frekhaug
Telefon: 56 17 13 00 Send e-post til oss
Redaktør: Elisabeth Eikrem Åmdal
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Pålogging heimesida
Pålogging heimesida - ansatte
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<juni 2021><<
juni 2021
mtotfls
31010203040506
07080910111213
14151617181920
21222324252627
28293001020304
05060708091011
Skulehelsetenesta 2020/2021

Kontaktinformasjon helsesjukepleiarar:

 

Linn-Merete Fugelsbø (50%)

Tilstade: annakvar mandag (partalsveker), tysdag og onsdag

E-post: linn-merete.fugelsbo@alver.kommune.no

Tlf: 56 17 13 20 (i arbeidstida)

Hovudansvar for 4.-7. klasse

 

Maria Angela Thingnes (40%)

Tilstade: tysdag og fredag

E-post: maria.angela.thingnes@alver.kommune.no

Mob: 950 65 080 (i arbeidstida) 

Hovudansvar for 1.-3. klasse  

 

Sjå planlagd program for skuleåret under "les meir"!

Planlagd innhald for skuleåret 2020/21:

1.Klasse: Skulestartundersøking med helsesjukepleiar og lege på helsestasjonen tysdagar i perioden september til desember. Elevane blir innkalla frå helsestasjonen.

2. Klasse: Nye elevar ved skulen får tilbod om DTP-IPV vaksine. Dei som gjekk på Sagstad skule i vår fekk vaksina i mars 2020. Klasseromsundervisning om seksuelle overgrep.

3. Klasse: Klasseromsundervisning om fysisk aktivitet og kosthald. Alle elevar blir kalla inn til vekt-/høgdeundersøking og samtale i etterkant av undervisninga. Informasjonsskriv vil bli sendt ut til foreldre på førehand.

4. Klasse: Klasseromsundervisning om seksuelle overgrep. Klasseromsundervisning i psykologisk førstehjelp.

5. Klasse: Klasseromsundervisning frå helsesjukepleiar og fysioterapeut om fysisk aktivitet. Pubertetsundervisning i grupper, jenter og gutar kvar for seg. 

6. Klasse: Alle får tilbod om MMR vaksine. Pubertetsundervisning i grupper for gutane. Klasseromsundervisning om seksuelle overgrep.

7. Klasse: Alle får tilbod om HPV vaksine. Det vil bli gjeve to vaksinar i løpet av skuleåret. Klasseromsundervisning om psykisk helse.  

Open dør: Elevar som på eigehand tar initiativ til samtale, kan komme på døra vår.

For føresette: Vi ber om at de tar kontakt med oss på e-post eller mobil (ikkje skriv sensitive opplysningar) dersom de ser behov for samtale eller oppfølging av barnet dykkar. 

Føresette for barn i 1.-3. klasse kan ta kontakt med Maria, medan føresette for barn i 4.-7. klasse kan ta kontakt med Linn-Merete.