Meny
Vel side Framside
Sagstadvegen 76 5918 Frekhaug
Telefon: 56 17 13 00 Send e-post til oss
Redaktør: Elisabeth Eikrem Åmdal
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Pålogging heimesida
Pålogging heimesida - ansatte
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<juni 2021><<
juni 2021
mtotfls
31010203040506
07080910111213
14151617181920
21222324252627
28293001020304
05060708091011
Engelsk skuleåret 20/21

Litt info om korleis faget er lagt opp og tankane bak slik at de lettare kan hjelpe bornet heime

Heimearbeid: på canvas ligg alltid både gloser og lyttefilane til textbook. Det betyr at dersom ditt born har gløymt leseboka i engelsk kan han/ho gå inn her og lytte seg igjennom teksten, og omsette det til norsk (ofte er det skriveleksa). Når det omsett til norsk skal dei ikkje omsette direkte, men lage gode setningar slik det norske språket er bygd opp. Det kan vere lurt å nytta ordbok eller eit digitalt hjelpemiddel t.d. google translate. Men tren dei opp til å skrive med blyant og les over før dei sier seg nøgd. Då ser dei ofte sjølv om dette blei ei god norsk setning eller om den må endrast litt. Dersom det er activity som er skriveleksa blir ikkje den lest opp her, då må man ha ei bok. Dersom eleven har gløymt skrivebok, kan han/ho skrive på ark eller skrive i word og levere til meg på canvas som ein mail. Glosene bør dei øve på kvar dag (ikkje mykje, men litt kvar dag) då dei har ganske mange glosar. Det er gloseprøve ca. kvar 14. dag, av og til blir denne bytta ut med større prøver eller munnlege presentasjonar. Eg veit at når bornet går i 7. sitt dei ofte ikkje med de foreldre å gjer leksar lenger, difor er det lurt å nytta canvas slik at dei får litt hjelp til uttale. Elles er det fint om de høyrar dei av og til. 

 

Faget: engelsk er delt i tre ulike nivå. Step 1 har kortare tekstar og fleire høgfrekvente ord. Step 2 har lengre tekstar, men framleis ein god del høgfrekvente ord. Step 3 har ofte ikkje så lange tekstar, men vanklegare og meir uvanlege ord/frasar. Tekstane på step 3 er ofte meir abstrakte og du må i større grad reflektere sjølv. Det er eit lite sprang i vanskegrad frå 6. trinn til 7. trinn, og nokre elevar har modnast mykje i løpet av sommaren og er klar for ei større utfordring. For at elvene skal jobbe på eit passande nivå har vi gjennomført ei leseprøve i engelsk. Dei fleste elevane hamna då på det nivået som dei har jobba på tidligare, noken blei flytta. Det beste for utviklinga til eleven er å jobbe på eit nivå der han eller ho kan og forstår det meste av tekstane, men med litt å strekkje seg etter. 

 

Mandag: denne dagen har vi fokus på munnleg aktivitet. Ofte er det eit spel, men da kan også vere rollespel eller andre praktiske oppgåver som krever at dei pratar engelsk saman.Denne timen er vi to vaksne derfor kan ein av oss hjelpe til med munnleg aktivitet i klasserommet. Medan den andre tek ut enkelt elevar/små grupper og høyrer dei i leseleksa, då kan vi også veilede dei på ord og uttale. HVis vi har tid omsett vi ofte tekstane til norsk for at alle skal forstå kva dei handlar om, og vi ser av og til på activity-oppgåvene som høyrer til eller glosar. Målet er at fleire skal tørre å prate engelsk høgt i klasserommet.

Tysdag: denne dagen lyttar vi til leseleksa og jobbar med tilhøyrande oppgåver i wokbook. Målet er å trene opp leseforståing slik at dei mestrar å hente ut informasjon frå tekstane dei les. 

Fredag: denne dagen jobbar vi med grammatikken. Etterkvart kjem vi også til å øve på å skrive lengre tekstar i ulike sjangrar. Kvar 14. dag er det gloseprøve denne økta. Og vi kjem av og til til å ha større prøver og presentasjonar. Målet er å lære korleis spårket er bygd opp slik at dei kan skrive lengre tekstar.