Meny
Vel side Framside
Artikkel
Vedlegg til artikkel
Foreldrebrev om hovudlus
Sagstadvegen 76 5918 Frekhaug
Telefon: 56 17 13 00 Send e-post til oss
Redaktør: Elisabeth Eikrem Åmdal
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Pålogging heimesida
Pålogging heimesida - ansatte
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<mai 2021><<
mai 2021
mtotfls
26272829300102
03040506070809
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31010203040506
Hovudluskampanje

Hovudlus er eit stadig tilbakevendande problem i barnehagar og skular. For at vi skal få bukt med dette, er det viktig å aksjonere i fellesskap. Kvart år blir det gjennomført to hovudluskampanjar i regi av Folkehelseinstituttet – i veke 10 og veke 35.

No er vi i veke 10. Foreldre og føresette oppmodast hermed til å foreta lusesjekken i helga 13.-14. mars. Både barn og resten av familien bør undersøkjast samtidig. Dersom det blir oppdaga lus, bør det setjast i gong behandling med det same. Dersom sjekk og behandling for lus skjer samtidig, ser det ut til å redusere tal hovudlus over tid.

Vi håper at alle elevar, foreldre og føresette på Sagstad skule støttar opp om aksjonen! 

Korleis sjekke for hovudlus?
Du treng ein lusekam (finst på apotek). Med denne greier du håret – frå hovudbotn og ut heile håret si lengd. Folkehelseinstituttet tilrår å greie i vått hår fordi det hemmar rørslene til lusa. Balsam kan lette greiinga. Tør kammen etter kvart drag og sjå etter lus. Når lusene har tørka, vil dei byrje å røre på seg. Du kan og greie i tørt hår. Då bør personen som blir greidd stå bøygd over eit kvitt handkle eller liknande, sik at lus som fell ned frå håret blir oppdaga.

Behandling mot hovudlus
Det er fleire typar behandlingar:
* Behandle med lusemiddel (finst på apotek).
* Greie håret hyppig (dagleg i 14 dagar).
* Klyppe håret kortare enn 0,5 cm.

Alle kan bli smitta av hovudlus, uavhengig av alder, hårtype etc. Barn som har hovudlus treng ikkje å vere heime frå barnehagen eller skulen, men behandling bør komme i gong raskast mogleg.

Hovudlus er ikkje farleg, men det er brysamt for den det rammar. Hovudlus smittar ved hovud-til-hovud-kontakt. Og ikkje via luar, kosedyr eller andre gjenstandar. Lus blir raskt svekka når dei er borte frå hovudet.