Meny
Vel side Framside
Sagstadvegen 76 5918 Frekhaug
Telefon: 56 17 13 00 Send e-post til oss
Redaktør: Elisabeth Eikrem Åmdal
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Pålogging heimesida
Pålogging heimesida - ansatte
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<juni 2021><<
juni 2021
mtotfls
31010203040506
07080910111213
14151617181920
21222324252627
28293001020304
05060708091011
Aktivitetsplikt

Alle dei vaksne på skulen har aktivitetsplikt:

* Plikt til å følgje med.
* Plikt til å gripe inn.
* Plikt til å varsle.
* Plikt til å undersøkje.
* Plikt til å setje inn eigna tiltak. 

 

Plikt til å følgje med
Alle som jobbar på skulen, skal følgje med i elevmiljøet og vere trygge og gode vaksne. Dei skal vere merksame på forhold eller oppførsel som kan tyde på at ein elev ikkje har eit trygt og godt skulemiljø. Det er utarbeida ulike instruksar som skal vere ei hjelp i dette arbeidet. Sårbare elevar skal identifiserast jamleg.

Plikt til å gripe inn  
Alle som jobbar på skulen skal ha nulltoleranse mot krenkingar som utestenging, isolering, baksnakking, vold, diskriminering og trakassering. Plikta til å gripe inn handlar om straks å stanse negativ oppførsel – bryte opp ein slåsskamp eller stanse ein utfrysingssituasjon.

Plikt til å varsle  
Alle som jobbar på skulen skal varsle når dei har mistanke eller kjennskap til at ein elev ikkje har eit trygt og godt skulemiljø eller når ein elev seier ifrå om at at han eller ho ikkje opplever skulemiljøet som trygt og godt. Det er eleven si subjektive oppleving som avgjer om eleven har eit trygt og godt skulemiljø.

Plikt til å undersøkje  
Alle som jobbar på skulen skal undersøkje når ei sak krev det. Undersøkingane skal få fram fakta om situasjonen, bakgrunnen for eleven si oppleving og kva i eleven sine omgivnader som påverkar korleis eleven opplever skulemiljøet. Alle elevar som er involvert i saka, har rett til å uttale seg.

Plikt til å setje inn eiga tiltak
Tiltak skal setjast inn uavhengig av kva som er årsaka til at eleven ikkje opplever skulemiljøet som trygt og godt. Tiltak skal takast ut frå faglege vurderingar som baserer seg på kunnskap, prinsipp og  verdiar. Tiltaka på tilpassast saka og eleven sitt heilskapelege behov. Eleven sitt beste vil stå i fokus.