Meny
Vel side Klasse 1 b
Sagstadvegen 76 5918 Frekhaug
Telefon: 56 17 13 00 Send e-post til oss
Redaktør: Elisabeth Eikrem Åmdal
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Pålogging heimesida
Pålogging heimesida - ansatte
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<mai 2021><<
mai 2021
mtotfls
26272829300102
03040506070809
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31010203040506

"Dette var den beste dagen på skulen!"

Vi har feira på mange måtar i dag. La bileta tale for seg :)


I dag har store og små kosa seg som om det var sjølvaste 17. mai!

Denne veka lærer vi om husdyr og vi var så heldige å få kome på besøk til Sagstad gard. For ein dag det blei!

Vi har starta med litt koding på lavt nivå. 

Oi! I dag opplevde vi vêr frå alle årstidene!

Sol, skyer, vind, haggel osb...


Tur til skogen ved Måneskinsbrua.

I dag gjekk vi ikkje så langt. I skogen ved Måneskinsbrua måtte elevane samarbeide i grupper om å løyse oppgåver i ein natursti.


Det var ingenting å kvi seg for at det såg litt kaldt ut med snø i dag...

Denne veka gjekk vi ikkje så langt, men vi fekk rørt oss mykje i skogen.

Vêret viste seg frå si beste side og vi kosa oss med å spikke grillspyd, tenne bål og grille pølser med pinnebrød. Perfekt! 👍

I dag valte vi å gå opp på Mellomknappen for å kjenne litt på vinden. Inne i skogen merka vi ikkje så mykje til han, men i tretoppane suste og knaka det. Det var ingen som synest vi hadde dårleg vêr, men det var litt spennande med knakinga i trea.

Hovudlus er eit stadig tilbakevendande problem i barnehagar og skular. For at vi skal få bukt med dette, er det viktig å aksjonere i fellesskap. Kvart år blir det gjennomført to hovudluskampanjar i regi av Folkehelseinstituttet – i veke 10 og veke 35.

No er vi i veke 10. Foreldre og føresette oppmodast hermed til å foreta lusesjekken i helga 13.-14. mars. Både barn og resten av familien bør undersøkjast samtidig. Dersom det blir oppdaga lus, bør det setjast i gong behandling med det same. Dersom sjekk og behandling for lus skjer samtidig, ser det ut til å redusere tal hovudlus over tid.

Vi håper at alle elevar, foreldre og føresette på Sagstad skule støttar opp om aksjonen! 


I dag var siste dagen før vinterferien og siste dagen studentane var i lag med oss.