Meny
Vel side Klasse 3 a
Sagstadvegen 76 5918 Frekhaug
Telefon: 56 17 13 00 Send e-post til oss
Redaktør: Elisabeth Eikrem Åmdal
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Pålogging heimesida
Pålogging heimesida - ansatte
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<mai 2021><<
mai 2021
mtotfls
26272829300102
03040506070809
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31010203040506
Vi hadde ein fantastisk fin tur til Krossfjellet onsdag 12. mai. Her er litt bilete som taler for seg.

Hovudlus er eit stadig tilbakevendande problem i barnehagar og skular. For at vi skal få bukt med dette, er det viktig å aksjonere i fellesskap. Kvart år blir det gjennomført to hovudluskampanjar i regi av Folkehelseinstituttet – i veke 10 og veke 35.

No er vi i veke 10. Foreldre og føresette oppmodast hermed til å foreta lusesjekken i helga 13.-14. mars. Både barn og resten av familien bør undersøkjast samtidig. Dersom det blir oppdaga lus, bør det setjast i gong behandling med det same. Dersom sjekk og behandling for lus skjer samtidig, ser det ut til å redusere tal hovudlus over tid.

Vi håper at alle elevar, foreldre og føresette på Sagstad skule støttar opp om aksjonen! 


I dag har 3A og 3B hatt sirkeltrening med kroppsvekt. Økta er inspirert av Crossfit. Vi hadde TABATA med 30 sekund jobb og 30 sekund pause. Det var 8 ulike øvingar. Eg må bite meg i leppa for eg trudde heilt seriøst at det var fleire som kom til å gje seg etterkvart. Gjett kva: ingen gav opp og samtlege ville ha ein ekstra runde! De kan vera skikkeleg stolte av barna dykkar, det er eg!