Meny
Vel side Klasse 4 b
Sagstadvegen 76 5918 Frekhaug
Telefon: 56 17 13 00 Send e-post til oss
Redaktør: Elisabeth Eikrem Åmdal
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Det er 68 dokumenter i arkivet.
Pålogging heimesida
Pålogging heimesida - ansatte
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<mai 2021><<
mai 2021
mtotfls
26272829300102
03040506070809
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31010203040506
Då vert det ei kort veke denne gongen. Tre dager skule, fem dagar fri 😊 Håper alle finn på noko kjekt, men samstundes er forsiktige så dei ikkje vert sjuke. Gratuler med dagen på måndag og gratulerer med id for dei som feirar det denne veka. 
Tysdag tenkjer vi å ha litt 17. Mai-aktivitetar på trinnet, håper på fint vêr så vi kan vere ute. 
Dei neste to vekene er det fri måndagane.  
I begynnelsen av juni skal vi ha litt sykkel- og trafikkopplæring, fint om de allereie no ser over sykkelen at den er i god stand.  
Lag ei fin veke og god 17. Mai! Helsing Helene 

Hei. Eg har fått prøvemappe inn hos dei fleste, manglar kun eit par stykker. Fint om dei kjem inn og. 
Ser at det er litt ymse i føringa av matteleksa i kladdeboka. Fint om de heime ser over og ser at det er ryddig med marg, utrekningar, nemningar, tekst til tekstoppgåver og to strekar under svara. 
Torsdag går vi ein tur til Haltjohansvika før lunsj. Om nokon vil ha med frisbee med til frisbeegolf kan dei det. Hugs klede etter vêret, varm drikke og tursjokolade er lov. 
Måndag 10 mai skal vi lage heiarop til 17. Mai. Kjekt om nokon tar med flagg vi kan bruke til det. 
Lag ei fin veke! Helsing Helene 

Hei.
Denne veka får elevane ut ei prøvemappe. Signer at dei er sett og lever tilbake til meg seinast fredag.  
Etter kvart kjem det heim litt kartleggingsprøvar i den. 
For tida jobbar vi mykje med gongetabellen .Den er viktig å kunne godt til vi begynner på mellomtrinnet. Vi testar oss litt lkvar dag på den. Denne veka prioriterer vi 6-7-8-9 gongen. Hjelp gjerne til med øvinga. Det ligg ein del lenkjar til mattesider på heimesida der ein kan øve seg. Gongesongane på salaby er og veldig populære å bruke. 
Elles håper alle har litt tid til å nyte at våren er på vei. 😊  
Lag ei fin veke! Helsing Helene 

Hei. 
Det er fortsett mange som ikkje har t-shorte å skifte til etter kroppsøving. Fint om dei har med skift, så dei slepp å sitje sveitt resten av dagen. Denne veka skal vi øva oss på gongetabellen igjen. Elevane får ei øving cirka kvar dag. Målet er å kunne heile. Håper de heime kan hjelpe litt til. 
Neste veke kjem det heim ei prøvemappe. Denne vil eg de skal sjå på heime og signere på at de har sett gjennom den.  
Lag ei fin veke! Helsing Helene 

Hei.

Kjekt å starte opp igjen etter ferien. Elevane har vore flinke å komme til skulen til rett tid. 
For tida øver vi oss på stille gode spørsmål, og å orientere oss sjølv på ting vi kan finne ut av sjølv. 
Nokre elevar manglar litt utstyr i penalet sitt, fint om de kan sjekke at ditt barn har det dei treng av utstyr. Fleire manglar og innesko. 
Når de gjer matteleksa er det viktig å bruke linjal. Hugs fine oppstillingar og å lese oppgåva nøye. Til smartøving har alle fått ei eigen kladdebok til å rekne i dersom dei treng det. 
Lag ei fin veke! Helsing Helene 


Hei

Håper alle har hatt ein fin ferie. No kjem våren og den siste delen for oss på småtrinnet. Eg takkar for at det var mogleg få gjennomført utviklingssamtalane på skulen og det gode samarbeidet eg syns vi har fått til. Blir kjekt å få fortsetje med gjengen frå hausten. Det er ein flott bukett! Vi kjem til å jobbe i Kaleido igjen. I matte startar med på kapittelet som tar for seg dei fire rekneslaga. Nytt av veka er at det blir lekse i KRLE til fredagane framover.

Lag ei fin veke! Helsing Helene


Hei.  Dette blir siste veke med “Litteratursirkel. Vi skal alle i klassen lese videre i “Gummi-Tarzan”. Elevane kjem til å jobbe med denne boka både heime og på skulen, så hugs å putte ho i sekken når leksene er gjort. Om det er naudsynt så hjelp til med å lese heile leksa dersom ho blir for lang for eleven. Då har alle same utgangspunkt, når vi kjem på skulen. Det er utviklingssamtalar denne veka, hugs å melde deg på lenkja frå mail eller heimesida dersom du har gløymd det. Om noko sulle dukke opp eller du blir sein til samtale, er det fint om de gjer meg ein lyd på klassetelefonen.  Vi prøver oss på ein påskelunsj på torsdag. Alle tar med seg ein ekstra god påskematpakke den dagen. Det er lov å ha noko søt til dømes ein sjokolade, kake, muffins m.m. Så lager vi langbord og hygger oss litt ekstra. Lag ei fin veke og god påskeferie! Helsing Helene 

Hei.

Vi fortsett med “Litteratursirkel” denne veka. Vi skal alle i klassen lese videre i “Gummi-Tarzan”. Elevane kjem til å jobbe med denne boka både heime og på skulen, så hugs å putte ho i sekken når leksene er gjort. Om det er naudsynt så hjelp til med å lese heile leksa dersom ho blir for lang for eleven. Då har alle same utgangspunkt, når vi kjem på skulen.

Saman med elevane er matteleksene lagt til måndag og tysdag. Eg veit at mange har travle kvardagar, så bak leksa står det kva dagar eg ser på leksa, slik at de kan dele opp om det er naudsynt. Norskleksa derimot bør gjerast til den dagen som er satt, då vi jobbar med dette på skulen.

Det er utviklingssamtalar denne veka, hugs å melde deg på lenkja frå mail eller heimesida dersom du har gløymd det. Om noko sulle dukke opp eller du blir sein til samtale, er det fint om de gjer meg ein lyd på klassetelefonen. Om du ikkje ønskjer å ha møte fysisk, gje meg beskjed.

Lag ei fin veke! Helsing Helene


Hovudlus er eit stadig tilbakevendande problem i barnehagar og skular. For at vi skal få bukt med dette, er det viktig å aksjonere i fellesskap. Kvart år blir det gjennomført to hovudluskampanjar i regi av Folkehelseinstituttet – i veke 10 og veke 35.

No er vi i veke 10. Foreldre og føresette oppmodast hermed til å foreta lusesjekken i helga 13.-14. mars. Både barn og resten av familien bør undersøkjast samtidig. Dersom det blir oppdaga lus, bør det setjast i gong behandling med det same. Dersom sjekk og behandling for lus skjer samtidig, ser det ut til å redusere tal hovudlus over tid.

Vi håper at alle elevar, foreldre og føresette på Sagstad skule støttar opp om aksjonen! 


Velkommen til utviklingssamtalar. Gå inn på lenka og sjå når de er sett opp. Svar på spørsmåla under.

https://bit.ly/30oeEH7

Vel møtt! Helene Berg


Hei, og vel overstått ferie.

No er det ein liten innspurt, så er påsken rett rundt hjørnet. Denne veka skal vi på 4. trinn jobbe med eit prosjekt kalla “Litteratursirkel”. Vi skal alle i klassen lese same bok “Gummi-tarzan”. Elevane kjem til å jobbe med denne boka både heime og på skulen, så hugs å putte ho i sekken når leksene er gjort. Om det er naudsynt så hjelp til med å lese heile leksa dersom ho blir for lang for eleven. Då har alle same utgangspunkt, når vi kjem på skulen neste dag. 

I mattematikk skal vi jobbe med lengd, omkrins og areal. Snakk gjerne om måleiningar heime og kva vi ofte målar i kvardagane. 

Utviklingssamtalane vert i veke 11 og 12. Innkalling kjem denne veka på mail. Legg og lenkje på klassen si side på heimesida. Om du ikkje ønskjer å ha møte fysisk, gje meg beskjed. 

Lag ei fin veke! Helsing Helene 


Hei. 

Så var det berre ei veke igjen til vinterferie. 😎 Måndag får vi besøk av Ingrid som skal læra oss litt programmering. Tysdag er det kroppsøving. Hugs gymtøy og gymsko.  Fredag har vi karneval-tema og ein kan kle seg ut. Sjølvsagt frivillig. Våpen er ikkje lov, sjølv om dei kanskje tilhøyrer kostymet. Bruk gjerne noko du har frå før. Det blir utviklingssamtalar på teams i veke 11 og 12.   

Lag ei fin veke! Helsing Helene