Meny
Velg seksjon Framside
Øygarden 21 4235 Hebnes
Telefon: 45611928 Send e-post til oss
Redaktør: Tanja Bergby
Skulerute
Skuleruta 22-23
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<juni 2023><<
juni 2023
mtotfls
29303101020304
05060708091011
12131415161718
19202122232425
26272829300102
03040506070809
Skulehelsetenesta

Helsesjukepleiaren vår er Ingrid Gruner

Telefon: 95499501

 

Ingrid har fast frammøtetid på Marvik skule, ca. ein onsdag i månaden. På skulen held Ingrid til på "solrommet" i 2. etg, men ho er også ute i friminutta saman med elevane. Elevane kan i løpet av dagen oppsøka Ingrid sjølv når dei ønskjer. Ho har også kontakt med dei fleste klassetrinna i løpet av året gjennom ulike oppgåver, samt oppfølging av enkeltelevar. Foreldre og anna skulepersonell kan også kontakta helsesjukepleiar om ønskjeleg.
I tillegg til helsesjukepleiar består skulehelsetenesta av blant anna skulelege. Skulelegen møter alle elevane gjennom helsekontroll før skulestart. Seinare er skulelegen medisinsk rådgjevar for skulehelsetenesta. Helseproblem hjå elevane skal følgjast opp av fastlegen.

Barne- og familieteamet er i drift frå og med januar 22. Teamet har eit tett samarbeid med helsestasjonen. Dei skal særleg ha kontakt med barn og/eller foreldre med psykiske lidingar eller anna langvarig sjukdom der barn treng ekstra oppfølging, eller t.d. ved samlivsproblem og andre situasjonar der familien treng støtte.


PROGRAM FOR SKULEHELSTENESTA, SULDAL KOMMUNE
Skulestart Helsekontroll av førskuleeleven v/ helsesøster og lege. Syn/hørsel / høgde / vekt / samt
 1. klasse Samtale med kontaktlærar, evt. oppfølging av enkelte elevar. Evt. delta i ‘Zippys venner’, etter avtale med kontaktlærar.
 2. klasse Vaksine mot polio, difteri, kikhoste og stivkrampe. Eleven vert innkalla saman med foreldre/foresatte. Samtale om helse, trivsel eller anna foresatte/eleven vil ta opp.
 3. klasse Høgde/vekt
 4. klasse Gruppesamtale m/elevene Tema: kosthald, fysisk aktivitet. Delta på klasseforeldremøte, etter avtale med kontaktlærer
 5. klasse Gruppesamtale om pubertet gutte/jentegrupper. Psykologisk førstehjelp.
 6. klasse Vaksine mot meslingar, kusma og røde hunder.
 7. klasse Undervisning/samtale om rus/tobakk med politi + SLT. Vaksine mot humant pappilomavirus (HPV), gjeld jentene.
Vaksinering skjer både på skulen og på helstasjonen. Innkalling til dette vert sendt til heimen.