Meny
Velg seksjon SFO
Øygarden 21 4235 Hebnes
Telefon: 52790840/52790841 Send e-post til oss
Redaktør: Anne Cremer
Det er 1 dokumenter i arkivet.

 

Kjære elevar og føresette!

Eit skuleår går mot slutten og me kan sjå tilbake på eit spennande og travelt år. Særleg dei siste månader har vore spesielle, etter at skulen blei stengt 13.mars i år og opna igjen 27.april for 1.-4.kl og 11.mai for 5.-7.klasse.

Det har vore ei annleis tid for alle, både for de i heimane og dei som er tilsett på skulen.Takk til alle engasjerte foreldre og medarbeidarar på Marvik skule for innsatsen de har gjort og gjer.

Trass alt har elevar og lærarar hatt mange gode aktiviteter og opplevingar i år. Tusen takk til dei elevane som har vore trivselsleierar 2 dagar i veka. Det har vert veldig bra opplegg i friminutta.

Læringsbrett og nye lærarplanar skal vere eit stort tema frå hausten av. I vårt pedagogiske arbeid har vi fokus på lesing, skriving, rekning og digitale ferdigheitar. Spesielt lesing er ein viktig ferdigheit elevane møter i alle fag. Det å kunne glede seg over skjønnlitterære tekster, samt kunne dra nytte av fagtekstar er viktig for eleven si utvikling og sjølvkjensle. For å få nok trening i å kunne lese er lekser viktig! Me oppmodar de foreldre til å vere interessert i barna sitt skule-og leksearbeid, vere fokusert på det som er viktig for dei og vere til stades for borna når dei treng det!

Elevane har det bra på skulen. Sammenhengen mellom trivsel og læring er tydelig. Samarbeid mellom FAU og skulen har vore bra. Takk til dei foreldra som har vore med..

Denne sommaren sluttar ein av medarbeidarane. Eg takkar Anne-Kate for innsatsen dette året og ønskjer henna lykke til vidare. Eg vil også takka 7.klassingane for fine år på skulen vår. Lykke til på ungdomsskulen Torunn og Magne.

Litt info om neste skuleår i slutten:

Fyrste skuledag etter sommarferie er 17.august.Skulen byrjar alle dagar kl. 8.20 og slutta kl. 14.00 på måndag, tysdag og torsdag. På onsdag sluttar skulen kl. 12.30 og på fredag kl. 13.35.

Kontaktlærar 2020/2021:

1.-4.klasse : Gunn Bjørg Slåtto

5.-7.Klasse: Annette Gregersen

Lærar 1.-7.klasse: Heidi Naustvik og Anne Cremer

Fagarbeider: Anne Margrete Høie

 

Eg gler meg til å sjå alle igjen til hausten!

Ta vare på kvarandre.

Ha ein riktig god sommar alle saman!

Helsing Anne