Meny
Velg seksjon Framside
Øygarden 21 4235 Hebnes
Telefon: 45611928 Send e-post til oss
Redaktør: Tanja Bergby
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<mars 2024><<
mars 2024
mtotfls
26272829010203
04050607080910
11121314151617
18192021222324
25262728293031
01020304050607
Skulens samarbeidsorganar

Klassekontaktane

Klassekontaktane er kontaktleddet mellom foreldrene i klassa og Foreldrerådets arbeidsutvalg (FAU), og dei er bindeleddet mellom foreldrene og skulen.

Foreldrerådet - foreldrerådets arbeidsutvalg (FAU)

Alle foreldre som har barn i skulen, er medlemmar av skulens foreldreråd. Foreldrerådet velger eit arbeidsutvalg (FAU) som er foreldrestemmen overfor skulen. FAU skal blant annet sikre reell medvirkning fra foreldre og ha medansvar for at elevanes læringsmiljø er trygt og godt. 

Samarbeidsutvalget (SU) 

Samarbeidsutvalget er skulens øverste rådgivande organ kor alle partar i skulen er representert: Elevar, foreldre, undervisningspersonalet, andre tilsatte og to representantar frå kommunen, kor rektor skal vere den eine. SU har rett til å uttale seg om/i alle saker som gjelder skulen. (SU kan erstattes av driftsstyre).

Driftsstyre (DS)

Eit driftsstyre er eit styre for den enkelte skule og kan sammenlignast med eit styre for ein bedrift. Målet med driftsstyret er at alle partane i skulen skal vere representerte i eit besluttsnde organ. (Driftsstyre kan erstatte SU). 

Skolemiljøutvalg (SMU)

Hensikten med skulemiljøutvalget er å sikre at skulen har eit systematisk arbeid for eit godt skulemiljø. SMU skal vere eit rådgivande organ for skulen i saker knyttet til dette. Elevane, foreldrene, skulen, ansatte i skulen og ein representant frå kommunen skal vere representert. Foreldre og elevar skal til sammen ha fleirtal i SMU. Det er skuleeigars og rektors ansvar at alle rådsorganane blir oppretta og fungerer i samsvar med bestemmelsane i opplæringsloven. 

Kommunalt foreldreutvalg (KFU)

Mellom Foreldrerådets arbeidsutvalg (FAU) ved den enkelte skule og FUG på sentralt nivå, er det ikkje noke lovhjemlet foreldreorgan. I omkring 180 (av totalt ca. 430) av landets kommunar er det oppretta foreldreutvalg på kommunalt nivå på frivillig basis. Hensikten med KFU er å koordinere skulenes behov og ønsker i kommunen, og å drive opplæring og erfaringsutveksling. KFU bør ha ein bred representasjon og vere ein naturlig samarbeidspartner for politikara og skuleadministrasjon.

Foreldreutvalget for grunnopplæringen (FUG) 

FUG er eit nasjonalt utvalg for og med foreldre som har barn i skulen. Det er oppnevnt av Kongen i statsråd og gir råd til foreldre og tillitsvalgte foreldre, og til Kunnskapsdepartementet i saker som gjelder heim og skule.