Meny
Velg seksjon 1.-4. klasse
Øygarden 21 4235 Hebnes
Telefon: 52790840/52790841 Send e-post til oss
Redaktør: Anne Cremer

Kjære alle!  

Eit skuleår er snart over og ein velfortent sommarferie kan om nokre dagar starta. 7.klassingane våre skal til hausten ta til på ungdomsskulen med nye utfordringar og opplevingar.Det er alltid vemodig å ta avskjed, men samtidig er det slik det skal være. Vi har heldigvis mange gode minner vi kan sjå tilbake på.  Lukke til med ei ny epoke i livet alle flotte 7.klassingar!

Frå hausten av skal me starta med 5 dagars veke. Skulen byrjar alle dagar kl. 8.20 og slutta kl. 14.00 på måndag, tysdag og torsdag.På onsdag slutta skulen kl.12.20 og på fredag kl. 13.35.

 

Kontaktlærar 2019/2020:

1.-4.klasse : Gunn Bjørg Slåtto

5.-7.Klasse: Thomas Kopperstad

Lærar 1.-7.klasse: Heidi Naustvik

                               Anne Cremer

Fagarbeider: Anne Margrete Høie  

To av våre gode medarbeidar slutta til haust. Me takkar Ingrid Schibevaag og Annette Hebnes for strålende jobb på Marvik skule og lukke til vidare.  

Læringsbrett skal fortsatt vere eit stort tema frå hausten av. Det blir to planleggingsdagar i august om digital satsing og fagfornyelsen for lærarane. Alle skal få nye læringsbrett i haust.

I vårt pedagogiske arbeid har vi fokus på lesing, skriving, rekning og digitale ferdigheitar. Lesing er ein ferdigheit elevane møter i alle fag. Det å kunne glede seg over skjønnlitterære tekster, samt kunne dra nytte av fagtekstar er viktig for eleven si utvikling og sjølvkjensle. For å få nok  trening i å kunne lese er lekser viktig! Vi oppmodar de foreldre til å være interessert i barna sitt skule-og leksearbeid, vise dei fokus og være tilstade for borna når dei treng det!

 

Eit lite dikt til slutt om «Tiden» av Gerhard Stoltz:

«Om sommaren er tiden litt sløv. Men den klarer da heldigvis å finne fram en sommerferie, fylle åkrene med poteter og grønnsaker og jordbær, dele ut noen vepsestikk, og passe på at det er fisk i sjøen til de som ligger på bryggen og fisker. Og når alle er lei av å ha ferie, henter tiden fram alle lærerne og får liv i skoler og barnehager igjen. Hvis du går på skolen har tiden brukt ferien til å flytte deg en klasse opp. Heldigvis har den husket å flytte alle vennene dine også.»  

Ha ein riktig god sommar alle saman!   Helsing Anne    



Frå hausten 2019 er det 5 dagars veke for alle elevar på Marvik skule.

Her kjem litt info om start - og sluttider frå hausten 2019.

Skulen starta kvar dag kl.8.20.

Skulen slutta kl. 14.00 på måndag, tysdag og torsdag for alle.

På onsdag slutta skulen kl. 12.20 for alle.

På fredag slutta skulen kl. 13.35 for alle.

Mvh

Anne



Det er nå opna for bestilling av skulemjølk frå hausten av. Adressa er: www.skolelyst.no