Elevane på skulen vår er knall gode på filmproduksjon. Difor var dei verdige eit skikkelig filmrom som inspirerer til nye historiar og tekniske utfordringar. Rommet blir godt nytta no i førjulstida då Marvik skule sin julehistorie blir produsert.
På filmrommet kan elevane jobba foran ein "green screen". Rommet har eit kostymelager, og eigen arbeidsstad til lysteknikar, produsent og regissør.