Meny
Velg seksjon Framside
Øygarden 21 4235 Hebnes
Telefon: 45611928 Send e-post til oss
Redaktør: Tanja Bergby
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<mai 2024><<
mai 2024
mtotfls
29300102030405
06070809101112
13141516171819
20212223242526
27282930310102
03040506070809
Programmering

Dei siste vekene har elevane på mellomtrinnet jobba med programmering. Les meir her om kva dei har gjort.

Å vera vitne til engasjert og kreativ læring er noko av det som gjer lærarkvardagen så fin. Å sjå at elevar får til, at dei søkjer informasjon og finn løysingar sjølv er fantastisk. Dei siste vekene har 5.-7.trinn laga ein by beståande av ulike kreative og programmerte element. Elevane har laga isbil og politibilar med lys og kjenneslege melodiar. Dei har laga politihus med lys og garasjeport som kan åpnast og lukkast. I tillegg laga elevane tre vindmøller med roterande blader, ein bil som kunne køyra rundt byen, menneske og ein tunell med ledlys. Fantastisk arbeid!

God sommar frå ein stolt lærar!